Kunst, kakao og smilande kål

Kunst, kakao og smilande kål

“Nydas dag”! (Stavangersk for deileg dag). Innvia solstolen på terrassen. Der slurpa eg kakao, smatta i meg appelsinbåtar og knaska hasselnøtter medan eg nøyt synet av knutekål, brokkoli, grønkål og andre grønsaksplanter.

Sjøl om det var minusgrader i natt og isande trekk, greidde sola å få temperaturen i drivhuset opp i over 20 grader – med to vindu på gløtt.

Bortskjemde

Rett og slett for varmt for bladgrønsakene. Dei blir bortskjemde av slikt.  Veks for fort, får for lange og for tynne stilkar sjøl om dei får masse lys. Eg vil dei skal bli kraftige og tola ein støyt.

Derfor sette eg kålgjengen i kassar på terrassen. Baljane med  spinat, salat og reddik hadde eg alt flytta ut den 28. mars.

I gule baljar frå venstre: Reddik, vintersalat, spinat. Ulike slag grønkål i dei grøne kassane. Bondebønner i den svarte kassen.

Må herdast

Men det er jo frost om nettene? Ja, 1-3 minusgrader. Men i staden for å bera dei inn og ut, set eg dei i  ein drivbenk om natta. Drivbenken min er ei fleire meter lang kasse med tre lok av plastplater.

Bondebønnene har også fått koma ut. Av same grunn. Dei må ikkje veksa for fort. Sidan jorda er frosen, går det nok nokre veker før eg tek sjansen å planta ut.

Endå ein grunn til utflyttinga: Om eit par veker må spirene i pluggbretta i drivhuset priklast, det vil si plantast over i kvar si  potte. Då blir det ikkje plass til alle i drivhuset. Nokon må ut, og det er dei tøffaste, Så dei kan liksågodt venja seg til å vera ute fyrst som sist.

For ikkje å gjera overgangen frå pluss- til minusgrader for brå, legg eg eit lag bobleplast over kassane dei fyrste nettene. For å vera på den sikre sida.

Etter ein soldag på terrassen skal grønkålplantene og bondebønnene få sova i drivbenken i natt.

Klart kål smiler

-Kan du sjå at dei likar seg betre her ute i 5 grader og sol enn inne i drivhuset i 25 grader? spurde eg mannen min, mens kålplantane blafra muntert med blada i vinden.

-Ja, du ser vel dei smiler, flirte han.

Klart det!

Måleri av Anu Allikas. (Foto: Rolf Norås)

Kunst på Jæren

Han er langt meir oppteken av kunst enn av kål..

Me hadde nett kome heim frå ein flott tur til Fotland mølle i Time kommune på Jæren. Nydeleg plass!

Ein av favorittkunstnarane hans – Anu Allikas – hadde utstilling der.

Kunstnar: Anu Allikas. (Foto: Rolf Norås)

Måleri og figurar av barn og dyr. Men kvifor såg dei så alvorlege ut, barna? Barn med dyr, skal smila, tenkte eg som har vakse opp med lam, sauer, kalvar og kyr, katt og hund.

Fossen dura, kaffien var skikkeleg kaffi med ekte fløyte, lappane nysteikte, syltetøyet heimelaga og rømmen tjukk. Ta deg ein tur til Fotland mølle!

Mølla har vore dreven av same familie i fire generasjonar fram til 1970. På 60-talet vart det male rundt 300 tonn korn her kvart år. Nå er mølla museum og husar også kunstutstillingar.

Her kan du lesa kva grønsaker eg har sådd til nå (grønsaker som skal plantast ut). 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: