Takk og pris for klosterklokkene!

Takk og pris for klosterklokkene!

Midt i alt det brune og visne står dei der og lyser, klosterklokkene.  I frosen jord.

-Hald ut! seier dei,  våren er på veg. Ser du ikkje lyset?

Det er nå tidleg på våren at me set størst pris på grøne spirer og bløming. Ut på sommaren har me blitt bortskjemde.  Nå går me her og lengtar.

Sjølv ikkje krokusane som alltid pleier å visa seg i starten av mars, våga ikkje å stikka hovuda opp frå lauvdekket før på laurdag før palmesundag.  Klosterklokkene derimot, viste seg i starten av månaden. Så kom sprengkulda, men dei greidde seg.

Snø, sludd, hagl og regn toler dei også. I motsetning til krokusen som lukkar seg straks sola går ned, og som fort får dei skjøre kronblada øydelagt av nedbøren.

Ved frukosten var eg i ferd med å sukka over at det er så kaldt og gufse ute. Så kom eg til å tenkja på at klosterklokkene blømer lenger når det er kjøleg..

For meg er dei ei helsing frå far min. Eg tenkjer på han kvar gong eg ser dei.

Han og eg grov opp ei tuve laukar i ein overgrodd hage der ingen har budd på lenge den siste sommaren han levde. Klosterklokkene måtte reddast. Dei var altfor vakre til at dei kunne bli kvelde av ugras og kratt.

Takk far!

Blomar må me ha. Frå far og faster Åsa har eg også fått georgineknollar som eg deler i fleire tidleg på våren og set til driving. Les meir om det her. 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: