Påskejuice

Stinn av A-vitaminar frå gulerøter, C-vitaminer frå sitrusfrukt og antioksidantar, er denne lysande oransje, friske juicen. Nam, nam, luksus!
Ingrediensar:
- 2 pakkar gulerøter
- 1 lime
- 1 sitron
- 4 appelsinar
- 1 tommelfingerstor bit av ingefærrot (hvis du har).
Slik gjer du:
- Skrell lime, sitron og appelsinar og del i to.
- Vask gulerøtene og skjer av “toppen”.
- Stapp sitrus, så gulerøter, sitrus, gulerøter (annakvar) i trakta.
Det blei 1 liter og 2 glas med juice.
Eg har ein slowjuicar, tidlegare brukte eg ein sentrifuge-juicar. Det blir meir juice i ein slowjuicar.
Her er oppskrifter på 3 juicar: Monas medisinshot, Sola-sitrus og Godmorgon-juice.