Jippi, sju sortar settepoteter!

Jippi,  sju  sortar  settepoteter!

Settepotetopprøret har virka! Nå har Felleskjøpet fått inn settepoteter. Og på FK-butikken i Stavanger, sel dei for fyrste gong settepoteter i laus vekt. Du kan plukka nokre få av kvar av dei sju sortane i staden for at du må kjøpa 5 kilo av ein sort.

Potetfrelst

Eg blei»potetfrelst» i fjor. Då dyrka eg poteter for fyrste gong. Det var jysla gildt! Og jysla enkelt. Ikkje noko dill, dall.

Eg sette halvparten i god, djup, laus jord i eit stort bed gjødsla med sauemøkk (samt lauv og  tang&tare hausten før), resten i nyanlagte bed som nærmast var ein komposthaug.  Begge deler gjekk veldig bra.

Ein fest å hausta eigne jordeple i starten av juli. Dette er «Arielle» frå hagen min sommaren 2017.

Tidleg sort

«Arielle» heitte sorten eg sette i fjor fyrste veka i mai. Den var klar til hausting i starten av juli.  Både lauvet (stilkar og blad) og sjølve knollande var friske og fine.

Ein tidleg og god sort, stadfestar butikksjef Rune Rosland i FK-butikken i Hillevåg. Dermed  puttar eg 25 «Arielle» oppi ein papirpose.

Sjukdom vil eg ikkje ha på jordeplene i kjøkkenhagen, for sprøyting kjem ikkje på tale.

Alle sortane me sel er relativt robuste mot sjukdom. «Arielle»er mellom dei mest motstandsdyktige. Mange har hatt suksess med denne.  Og tidlegpoteter er jo det folk helst vil ha. Derfor sel me dobbelt så mykje «Arielle» som av dei andre sortane, fortel Rosland.

Halvseine sortar

«Carolus», «Troll», «Asterix» og «Van Gogh» er dei fire halvseine sortane som ligg kassane utføre inngangen til butikken. Kva er skilnaden? Informasjon er hengt opp på kvar kasse, men butikksjefen tek seg tid til å forklara:

«Carolus», ein ny sort.

«Carolus» er ein ny sort som har vist seg å vera godt motstandsdyktig mot tørråte og eignar seg derfor godt til økologisk dyrking.

 På nettsidene til Fagforum Potet står det at «Carolus er valgt ut på bakgrunn av god smak, tidlig modning og god tørråteresistens. «

«Troll» har vel kanskje fått namnet fordi det blir store og rare poteter..

«Troll» leverer størst poteter. Hvis du har god jord, vel og merka. Den har også god motstandsevne mot tørråte. Likar du bakte poteter, er det sorten.  Den er også kjend for god smak og mjølete konsistens. Det er også den som får dei raraste potetene (rare fasongar).

Aha! Store og løgne (rare),  det blir jo kjekt for ungane, tenkjer eg.

«Asterix» gir stor avling og har gode lagringseigenskapar.

«Van Gogh» er mest selde i Nord-Norge fordi den sorten toler godt kaldt vêr og skrinn jord.

Dermed fylte eg fire posar med 15 av kvar. Greit å prøva ut litt forskjellig…

Halvseine sortar kan du hausta i september.

To seine sortar.

Seine sortar

«Pimpernell» eignar seg godt til lagring og ikkje så lett å få kjøpt i butikk (matbutikk, til koking, ikkje til setting). Foreldra mine skulle alltid ha «Pimpernell», smiler Rosland.

Mandelpotet er den restaurantane vil ha: Liten og fin å sjå på, den mest mjølne og  tek kort tid å koka. Men den er prippen å dyrka, du får mindre avling, fortel jærbuen.

Seine poteter ventar du lengst mogeleg med å hausta, men ta dei inn før frosten kjem.

Javel, då måtte eg jo ha 15 av kvar..

Det var visst nok med ti av kvar…

Over 7 kilo…

Kor mange kilo vart det? Over sju….  Og 5 kilo rekk til 20 kvadratmeter.

Så då var det bare å plukka ut nokre frå kvar pose.  Det fekk halda med 25 av «Arielle» og 10 av dei seks andre. Det blei  snautt 5  kilo. Eg kan jo ikkje fylla alle beda med jordeple, må ha plass til kål, gulerøter, løk, rødbeter, squash og alle dei andre ….

Her er settepotetgjengen min.

Groing

Du kan setja potetene rett ut, men det beste er å leggja dei til groing før du plantar ut. Då er du sikrare på å få avling. 4-6 veker tek det før dei får groer. Groene bør vera litt større enn museøyrer. Sett dei ein lys og kjøleg stad – som i kjellar eller garasje, men ikkje i drivhus, det er for lyst og varmt, seier fagmannen.

Utplanting

Når du plantar ut, bør avstanden mellom settepotetene vera 20-30 centimeter. Set du dei for tett, får du mindre avling, tipsar Rosland vidare.

Etterkvart må du dekka med meir jord. Det må ikkje koma lys på potetene, då blir dei grøne.

Eg har god erfaring med å såkalla jorddekke, altså å leggja tang&tare, gras og halm oppå.

Jorda treng ikkje vera så feit, jordeplene likar sandhaldig, godt drenert jord med middels næring. Og ingen klor! er rådet frå butikksjefen.

Himmel og hav, så herleg med tang og tare!

Hurra, eit lass med halm og skit!

Balkongpoteter

Har du bare ein balkong å dyrka på, kan du setja 1-2 settepoteter i ei stor potte, eller du kan skaffa deg ei såkalla potetpotte som er to potter oppi kvarandre. Den innerste potta har opne «vegger» slik  at du kan sjå kor langt potetene har kome når du lyfter denne opp. Artig for både små og store å fylja med på utviklinga av potetene.

Frå kvar settepotet veks det ut mange, lange, kvite røter. I enden av desse dannar det seg fyrst bittesmå «kuler» som så veks til potetene me haustar.

OBS! Du MÅ bruka sertifiserte settepoteter. Du kan ikkje planta poteter du har kjøpt i matbutikk, for dei kan det vera sjukdom på.

Hurra! For fyrste gong! Settepoteter i lausvekt. Felleskjøp-butikken i Stavanger.

Krav frå kjøkkenhagane

Settepotetopprøret? Eg skreiv eit blogginnlegg tidlegare denne månaden der «krava» var at butikkane her sør i landet skulle få inn settepoteter tidlegare og at me skulle kunne velja mellom fleire sortar i laus vekt, i staden for å måtta kjøpa store posar.

-Du er ikkje den einaste som har spurd etter dette. Mange har gjort det, fortel butikksjefen.

320 kilo har FK-butikken i Stavanger teke inn. Bøndene kjøper ikkje settepotetene her. Dei 320 kiloane er det du og eg og oss andre kjøkkenhagefolk som skal dyrka i år. Av bare ei settepotet, kan du få 1-3 kilo, kjem an på sorten, koss jorda er og koss vêret blir. Det blir mykje mat!

Etterord

Ei veke seinare: «Pakke til deg», fortel mannen. Ei stor øskje. Oppi ligg to store posar med settepoteter. 2,5 kilo «Beate» og 2,5 kilo «Carolus». Eg hadde heilt gløymd at eg «i potetopprørets hete» slo til då ein potetbonde skreiv på Facebook at ho selde sertifiserte settepoteter i små kvanta….

Så nå har eg åtte sortar, 10 kilo til saman! Godt det ikkje bare er eg som er glad i jordeple!

 

 

 



4 kommentarar om “Jippi, sju sortar settepoteter!”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: