Himmel og hav, så herleg med tang og tare!

Himmel  og  hav,  så  herleg  med  tang  og  tare!
Lukke! Sol og tang og tare. Tysdag 20. mars. (Foto: Rolf Norås)

For ein fantastisk dag! Endå betre enn sol, blå himmel og blått hav: Eg fylte sju sekker med tang og tare. Det beste som fins for å byggja god jord. Reine mirakelkuren..

Test-1

Skeptisk? Ja, det var eg også, for to år sidan:

Min gode ven Øyvind Erland hadde fortalt meg at tang og tare var bra for plantene. Ja, ja, det skadar ikkje å prøva, tenkte eg. Dermed for me avgarde til Randaberg, eg og to veninner. Der låg lassevis med tang og tare. Me samla i sekker, Øyvind lempa og bar opp til bilen.

Ein sekk fordelte eg utover det eine bedet i kjøkkenhagen der det sto nokre stakkars palmekål/svartkål som eg hadde ribba etter larveangrep. Resten av sekkene sette eg bak garasjen. Det såg ikkje særleg fint ut, og tangen var sleip, så eg dekka med eit lag halm. Svartkålen elska det! Nye flotte blad vaks ut, snart sto han der frodig og fin att.

Eg googla og fann masse om kor bra tang og tare (seaweed på engelsk) er. Inneheld alle slags mineralar og enzymar.

Test 2

Ein engelsk kjøkkenhageekspert tilrådde å laga gjødselvatn av tang og tare.

Klart eg måtte prøva: Nokre nevar tang&tare i bøtte, så fyll opp med vatn. Let blandinga stå nokre dagar (lukta ikkje godt..).

Eg hadde ein agurkplante som hadde hatt sine beste dagar, så planen var å testa ut blandinga på denne. Om han strauk med, var det ikkje så farleg.  Tarevatnet blanda eg ut i ei vannekanne (1:10) og let det stå til.  Sikkert alt for salt, trudde eg og sa unnskuld til den slakke agurkplanten mens eg vatna.

Kva skjedde? Agurken fekk eit nytt liv! Friskna til, fekk den fine grønfargen på blada tilbake og leverte nye mengder med agurkar. Eg var overtydd.

Test 3

Fram med sekkene bak garasjen, og tang og tare vart fordelt i tjukke lag i begge kjøkkenhagebed. Halm oppå, for syns skuld, pluss at det vart reinslegare å trø på. Ikkje bare kålen, rødbeter, fenikkel, squash – alle elska det.

Det er best å henta tørr tang. Mykje lettare å bera. Du kan smuldra han opp og strø ut i beda.

Sidan har eg lessa på tang og tare kvar vår og kvar haust. Det eg har lagt på om hausten, har blitt til jord når våren kjem.

Test 4

Beda på leikeplasshagen – nabolagshagen – som eg laga i fjor vår, er bygde opp som ein komposthaug: Kvistar i botnen med flis og lauv oppå. Så lasagne av planteavfall (avkapp frå staudebed), tang og tare, kompost, gammal hestemøkk og jord frå min eigen hage blanda med nokre sekker med kjøpejord på toppen. Dekke av gras frå rundballe heilt øverst.

Dette gjorde me rundt påsketider i fjor. Første veka i mai planta me ut. Jordeple, løk, brokkoli, kål, bondebønner og georginer vaks som bare det. Det same gjorde mais, squash, graskar og tomat. Ja, alt!

To bøtter med tang og tare sparte eg til dei to varmkompostbingane mine. Det fekk «kok» på komposten!

Så blei den stranda rydda!

Så når sola lokka på tysdag og Øyvind meldte seg som tang&tare-berar – var jo eg i ekstase.

Som i gamle dagar..

Mens me heldt på, kom ein eldre mann forbi og lurte på kva eg skulle med tangen. «Til kjøkkenhagen, det blir god jord», sa eg. Då smilte han breitt: Ja visst blir det god jord! Før i tida henta bøndene her mykje tang og tare. Nå er det visst ingen som gjer det lenger, dei kjøper bare kunstgjødsel, sa han og rista  på hovudet.

Fleire kjende kunstnarar – mellom anna Kitty Kielland – har måla bønder som er ute med hest og kjerre og greip for å sanka tare. («Tarekjøring» og «Fra Ogne», 1879, begge kan du sjå i den nye boka «Jærmalerne» av Hild Sørby på Jæren forlag).

Nå står sju sekker bak garasjen. Eg må venta til dekket av halm tinar. Planen er å leggja tang og taren under. Det blir ein sann fest!

Meir om god jord

Syntes du dette var interessant, håpar eg du også likar desse artiklane:

Sellerirot treng mykje næring. Eg la på eit lag tang&tare i september i fjor, det gjorde susen.

Hurra, eit lass med halm og skit!

Koss du får god jord i kjøkkenhagen, opptek mange; innlegget «Hurra, eit lass med halm og skit» er mellom dei mest leste på bloggen min.

 

 



2 thoughts on “Himmel og hav, så herleg med tang og tare!”

  • Jeg gleder meg til å få dine nyhetsbrev, det er helt utrolig inspirerende. Jeg har også kjøkkenhage, på Sørlandet, og brukt tang og tare i mange år. Spesielt godt til asparges, og holder også snilene unna, siden det er en del salt i dette. Så hadde jeg lyst til å fortelle at vår gode sørlandsforfatter Gabriel Scott har skrevet om bruken av tang og tare. Jeg husker ikke helt tittelen, men skal finne den fram til deg.

    • Hei,tusen takk, så kjekt å høyra. Ja, har høyrt tang og tare er veldig bra for asparges. Har ikkje asparges sjøl. Mange av grønsakene våre er opprinneleg strandplanter, kål for eksempel. Så ikkje rart dei likar tang og tare. Det du fortel om Scott, visste eg ikkje. Takk for info!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: