Snadder frukostblanding

Snadder  frukostblanding

Eg har ikkje smoothie til frukost kvar dag! Får eg lyst på noko å knaska på, lagar eg denne frukostblandinga. Er god å ha klar, også når eg treng eit  kjapt mellommåltid.

Set omnen på 160 grader (varmluft)

1)Kok opp det våte:

  • 2 ss honning
  • 2 ss lønnesirup
  • 1 dl eplejuie

(Har du ikkje lønnesirup, kan du bruka 4 ss honning. Eller agavesirup).

2) Bland det tørre:

  • 7 dl havregryn
  • 1 kaffikopp (liten) valnøtter
  • 1 kaffikopp hasselnøtter
  • 1 kaffikopp graskarskjerner
  • 1 kaffikopp solsikkefrø
  • 1 kaffikopp  mandler
  • 1/2 kaffikopp linfrø

3)Bland alt

4)Fordel på 2 bakeplater dekka med bakepapir.

5) I steikeomnen rundt 20 minutt – til blandinga blir sprø og tørr.

6)Avkjøl, ha i Norgesglas eller på boks.

7)Server med rosiner, bær, banan og  mjølk/kefir/yoghurt.

Etter ei skål med denne frukostblandinga, held du energinivået oppe i fleire timar.

Eg brukar også masse sunne frø i dette gode og lettvinte brødet. 

Ferske frø frå «nyspretta» graskar.

PS: Eg er så heldig å ha store, gode graskarkjerner frå eiga avling: Frå såkalla nakenfrøgraskar. 

 



4 kommentarar om “Snadder frukostblanding”

  • Hei Margunn!

    Først av alt, kjempekjekt å følge bloggen din! Så mye spennende her 🙂 Jeg har forelsket meg i Bodils brød, og lager det så ofte jeg kan 🙂 Kjempegodt!
    Men denne oppskriften får jeg ikke til! Og den ser så god ut, at jeg bestemte meg for å spør om noen gode råd og tips 🙂 Jeg fulgte oppskriften, men da jeg skulle ta frokostblandingen ut, var den ikke tørr og sprø, den var blitt til en stor klump som var fuktig innerst. Jeg prøvde å steke den lengre, men da ble den fort svidd. Prøvde da å legge bakepapir over brettet og lavere varme. Men ingenting hjalp. Den forble tykk og klumpete. Har du noen tips til hva jeg kan prøve? 🙂

    • Hei og tusen takk! Kjekt at du likar brødet. Rart med frukostblandinga. Fordeler du blandinga tynt utover på 2 plater? Prøv med lågare varme og lengre tid. Smuldra blandinga ut over. Prøv å ta ut bretta halveis i steiketida og rør med gaffel for å smuldra det opp. Skal ikkje vera ein stor klump.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: