Lukkelege grønsaksbarn

Lukkelege grønsaksbarn

Nå er dei glade, kålungane mine! Eg har nemleg flytta ei og ei spire frå det vesle såbegeret og over i kvar si vesle potte. Nå får dei meir plass og meir mat, slik at dei kan veksa seg større utan å kvela kvarandre.  Prikling heiter det, og er litt av eit putlearbeid.

Grønkål “Ragged Jack” klare for prikling.

Eg tek forsiktig heile klumpen med alle spirene ut av boksen, (snur boksen opp ned og held igjen med handa). Klumpen deler eg så varsamt opp i mindre bitar. Eg held i jorda og dreg klumpane/røtene frå kvarandre. Frå kvar liten klump dreg eg så ut ei og ei spire som eg så puttar ned i kvar si potte.

Ei og ei spire, ikkje klem stilken i hel, varsamt! Best å halda i blada.

Så fyller eg rundt med jord og trykkjer lett til med fingrane. Hald varsamt i blada, ikkje i stilken. Eg plantar altså spirene djupare enn dei sto i spirebegeret, slik at mest bare blada (og ikkje stilken) stikk opp.

Deretter stiller eg pottene opp på eit brett utan hol, og heller så pass med vatn i det blir sugd opp i dei nye pottene. Jorda bør bli fuktig, men ikkje dassblaut.

Grønkål “Ragged Jack” har flytta ut av den vesle grøne boksen og over i større potter. På denne tida av året kjøper eg ofte 10-pakningar med små stemorsblomar. Eg har spart på dei tome pakningane frå tidlegare år. Desse har eg nå brukt til å prikla kål i.

Spirene ser ofte litt pjusk ut det første døgnet etter priklinga/omplantinga, men dei kjem seg fort.

Og etter nokre dagar då røtene har fått nytt feste, skyt dei fart! Oj, det er så herleg å sjå! Om eit par veker er det mest som du ikkje kan tru at dei nyss var bittesmå spirer..

Til nå har eg prikla grønkål, (to sortar), spisskål, knutekål, brokkoli (2 sortar), sellerirot og selleristang  som var dei frilandsgrønsakene eg sådde fyrst.

Desse 30 sortane har eg sådd til nå. 

Kor lang tid frå såing til prikling? Eg ventar til spirene har fått eit ekte bladpar (dei første to blada er såkalla frøblad, vent til dei har fått to til). Det er ikkje så nøye, det kjem an på kor tett dei står, og når du har tid til å kosa deg med priklinga.

 

Nå har Sofie (9) lært koss ho priklar. Ho var kjempeflink!

Sofie (9) var med og prikla brokkoli. Eg viste, så fekk ho prøva heilt på eiga hand.  Det gjekk supert, eg blei skikkeleg imponert!

Hugs å merka småplantene – du går fort i surr kva som er kva om du ikkje har svært god trening i å skilja ulike slag frå kvarandre. Sjølsagt gjekk eg tom for merkepinnar. Noter hermed: Kjøp alltid fleire merkepinnar enn du trur du treng.

Sllerispirene er bittesmå, så dei har flytta frå eit lite beger og over i eit pluggbrett med store pluggar.

Kål- og sellerispirer treng ikkje ha det varmt for å trivast. Mi erfaring er at dei finaste og kraftigaste plantene får eg når dei må greia seg med om lag same temperatur som det er ute (men helst ikkje frost).

Det er nemleg fyrste år eg har drivhus med varme, før hadde eg eit lite “kalddrivhus”.

Denne veka ligg temperaturen ute på 1-7 grader. Det går heilt fint. Likevel har eg på litt varme i drivhuset – men det er fordi eg har flytta ut tomatplantene, chili, og aubergine.  Temperaturen ligg vel på ci 10. Må ut og sjekka!

Og då blir eg vel verande der ei stund. Små barn treng både omsorg og kjærleik, veit du.

Les  meir om å dyrka selleri her.

Sidan snøen ligg tjukt over store delar av landet, er det  nok mange som ikkje har kome i gong med såinga ennå. Eg høyer nokre av dykk ikkje ein gong kjem seg fram til drivhuset!

Våren vinn nok over vinteren til slutt.

I mellomtida kan de få nokre tips om såing her:

Slik sår Sofie (9) reddik.

Åtte spørsmål og svar og to råd om å så grønsaker.

Derfor tjuvstartar eg i drivhuset. 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: