5 om dagen i eitt glas

5  om  dagen  i  eitt  glas

Eg elskar smoothie!  Både for det smakar godt, og fordi det er ein rask og lettvint måte å få i seg grønsaker frukt og bær på.  Det held energinivået oppe, langt betre enn ei kneipbrødskive med syltetøy og ein kopp kaffi.

Kvar sommar og haust plukkar eg inn lassevis med grønkål og svartkål som eg puttar i plastposar i fryseboksen. Dermed kan eg laga meg grøn smudi kvar dag til neste sesong om eg vil.

Grønkål i smudi smakar ikkje kål, bare prøv!

Gomåren-smoothie: 

  • 1 neve frosen grønkål
  • 1 neve frosen ananas
  • 1 eple
  • 1 kiwi
  • 1 tjukk skive sitron
  • 1 banan
  • 10 cashewnøtter  (går bra med andre nøtter og/eller mandlar)
  • 1 kopp vatn
  • 1 kopp grøn te (eg likar ikkje for kalde drikkar)

Ha i blendar, kjør i eit par minutt til du ikkje lenger ser bitar av grønkålen.

Spar tid

Har du lita tid om morgonen, fyll blenderen kvelden før, set i kjøleskapet. Neste morgon har du sunn og god frukost på 2 minutt!

Prøv det nokre veker, og legg merke til om energinivået stig…

Variasjon

For at du ikkje skal gå lei, varier med andre frukter:  Mango, appelsin er kjempegodt saman med grønkål.  Nøtter og banan kan byttast ut med avocado. Då får du i deg gode fettsyrer (poenget med nøttene) og smudien blir kremete (poenget med bananen). Banan gir søtare smak enn avocado.

Eg vekslar også mellom grøn te og fruktte (ikkje svart te med fruktsmak, men ekte fruktte, for eksempel ferskente frå London Fruit&Herb Company.

Prøv også denne snadder frukostblandinga!

 

 



7 kommentarar om “5 om dagen i eitt glas”

  • Yepp! Grøn smoothie på meg også! Så grønkålen i fryseboksen fekk bein å gå på! Må så masse spinat og grønnkål i år! Eg «spriter den opp» med komcocha i tillegg til vatn, det funkar også veldig bra.

  • Ja, men eg må visst gradvis venne meg til rå grønkål. Den eg kjøpte på butikken og blanda inn laga skikkeleg krøll for magen. Den var økologisk, men ganske grov..

    • Ja, kan vera lurt. Er du ikkje vande med å eta rå grønsaker og mykje fiber (som i grønsaker, havregryn osv) er det lurt å venja seg til gradvis. Bladgrønt er uhyre sunt. Er rå grønkål i smoothie hardt for magen din, bruk spinat i staden i smooothien og ha grønkålen i varme rettar slik at han blir kokt/steikt. Trur eg må dela lasagneoppskrifta mi på bloggen i morgon. Har litt grønkål i den kvite sausen.

      • Gler meg til å sjå! Eg laga faktisk vegetarlasagne i går. Da brukte eg av den tørka squashen min frå i fjor for første gong. Eg høvla den opp og tørka i dehydratoren. La det så i tørre glas. Så la eg dei i vatn ei stund før eg skulle bruke dei i går. Det funka bra! Greitt å vite, squash blir det ofte litt mykje av på ein gong. Var ein litt emmen smak etter utvatning, men det forsvann ved steiking. Har sett nokon som saltar/krydrar før tørking, det funkar kanskje vel så bra? Og så vart det med tørka steinsopp også, det er også godt!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: