Over 15 000 visningar på 15 dagar

Over  15  000  visningar  på  15  dagar
Bar jord er ikkje bra for jordlivet. Her dekkjer eg med halm frå kalvegardar eg fekk frå ein bonde. Under ligg eit lag med lauv. (Foto: Jan Inge Haga)

Bloggen Margunns kjøkkenhage vart oppretta måndag den 5. mars.  Om  føremiddagen den 20. mars  var eg oppe i 16 020 visningar.  Tusen takk til dykk lesarar! Koss du får god jord og kjøtsuppa til mor mi,  er dei to mest populære sakene utanom presentasjonen av meg og bloggen.

God jord med eit toppdekke med sauelort.

Dei  eg har hatt på kurs, blei også fasinerte over koss avfall blir til super jord.  Derfor kjem eg til å skriva meir om det temaet framover.

Og så stas det hadde vore om mors kjøtsuppe blir sundagstradisjon i mange heimar!

Blomkarse i ei krukke på Leikeplasshagen seint i fjor haust.

Her er dei mest 5 mest leste hagesakene:

Grønsaker må det vera i kjøtsuppa. Og kraftbein.

Dei 5 mest populære matoppskriftene:

PS: Når du er inne på bloggen og ser kva som der blir lista opp av dei mest leste sakene, gjeld det dei  som er mest leste den dagen. Min oversikt gjeld for heile perioden 5.-20. mars.

Dei 5 mest delte sakene på Facebook:

  • Velkommen til Margunns kjøkkenhage: 262 delingar
  • Hurra, eit lass med halm og skit: 191
  • Eg vil ha settepoteter nå: 190
  • Ti grunnar til at eg må ha blomkarse: 167
  • Mors kjøtsuppe: 122

Helse

Helsetipsa har til nå kome i små drypp i artiklane om hage og mat (ingen usunne oppskrifter!).

Eg har ikkje skreve eigne blogginnlegg i denne kategorien ennå. Den 19. mars starta studia mine ved Institute for Integrative Nutrition, så helsestoff blir det meir av etterkvart.



2 thoughts on “Over 15 000 visningar på 15 dagar”

  • Ser du har sådd løk, det samme har jeg. Første gang jeg prøver det og lurere på hva du gjør med dem fremover. De ser unektelig litt ut som ugress for meg, men ser på dine bilder så er de i grunnen like ens?. Håper du skriver litt om løk og senere. Kjempefin side, lærer mye.?. Lurer og på hva som kan benyttes tilå ha over jorda når en ikke har halm. Serdu skriver at det er best for jorda å være dekket over . Heidi

    • Hei! Også første gong eg sår løk! Har brukt setteløk tidlegare, det er lett. Sådde fordi sådd løk toler betre kulde når du plantar ut.
      Og for å prøva koss det er. Ja, løkspirene ser ut som grasstrå i starten. Må vel flytta dei over i ei større potte – ein klump p 3-5 løkspirer i kvar si potte når det blir for trangt i pluggbrettet. Så har eg tenkt å planta ut heile klumpen i mai. Du treng ikkje ha halm til jorddekke. Eg brukar også lauv, plenklypp, grov kompost, sauelort, hestemøkk, tang&tare. Og gras frå ein rundballe.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: