Gå for georginer! Overdådig blomsterprakt – mest gratis

Gå  for  georginer!  Overdådig  blomsterprakt  –  mest  gratis
Lag deg ei korg med georginer!

Vil du ha masse store, fargerike blomar år etter år for ein svært billig penge, er det georginer (Dahlia) du må satsa på. Ingen blømer så rikt og så lenge som georginer. Eg kan fylla nye vasar i eitt sett frå midten av juni til frosten kjem i november. Og har du ein knoll, kan du lett få mange – heilt gratis!

Fargerik arv

Eg snakkar om gode, gammaldagse georginer frå svære rotknollar.  Dei fins i mange ulike fargar (ulike sjatteringar i rosa, gult, rødt, lilla), fasongar og storleikar.

Kva sortar eg har, veit eg ikkje, for eg har fått dei: Nokre rosa med svære blomar frå far, mørkerøde frå ei kjekk hagedame i Stavanger og runde, knallrøde frå faster Åsa.

Ein blir til mange

Nå er det tid for å dela knollane og setja dei til driving (om du har drivhus). Viss ikkje, vent til midten av april.

Ein knoll som den til venstre kan delast opp i fleire. Her har eg delt ein i to, og ein annan i fire. Kvifor den eine i to og den andre i fire? For eg hadde to mellomstore potter og fire små!

Har du ein knoll, kan du få to neste år, fire året derpå osv, – til slutt kan du fylla heile hagen om du vil!

Knollane meir enn fordoblar seg i storleik på ein sesong. Og dei har bare godt av å bli delte opp.

Eg tek tak med hendene og prøver å dra dei frå kvarandre. Det er litt «bale» å få til i starten, men har du først fått laus den eine halvparten, går det lettare å dela denne opp vidare. Så ikkje vent til knollane blir altfor digre til du gjer dette!

Dei første åra eg hadde georginer – nokre fantastiske oransje kaktusgeorginer – blei knollane så svære at eg mest ikkje kunne bera dei.. Dessverre fraus dei i hel i garasjen ein vinter..

Driving

Herleg vårarbeid! Klarte å skrapa opp litt jord frå kjøkkenhagebedet som ikkje var frosen. Georginene fekk med seg litt sauelort også. Det blir dei nok glade for.  

Kvar knoll plantar eg så i kvar si potte. Det bør helst stå att ein stilk på kvar.

Georginer er grådige, så eg set dei i jord frå kjøkkenhagen. Eg greidde så vidt å skrapa av eit lag som ikkje var stivfrose til nokre potter i går, resten får eg ta etter kvart.

Sidan eg har dekka to bed i kjøkkenhagen min med sauelort, fekk georgineknollane med seg litt. Den nista set dei nok pris på.

Dei tre store knollane frå faster Åsa har blitt til ni. Dei mørkerøde og rosa må venta til meir jord tiner opp ute.

Nå står georginepottene under drivhusbenken.

Ha tolmod, det tek tid før du ser teikn på liv. Så lang tid, at kvar vår er eg sikker på at noko gale må ha skjedd og at dei ikkje vil spira.

Men ein vakker dag kjem eit lite grønt blad til syne… Og så er dei i gong! Det som har skjedd mens du har venta, er at knollane har vakna til liv og kvite røter har vakse ut frå dei tørre klumpane.

La jorda vera fuktig, men ikkje veldig våt, – du vil jo ikkje at knollane skal rotna på kjølege dagar og netter.

Sterke stilkar

Uti april når dei verkeleg er komne i gassen, set eg dei ut på dagtid (og tek dei inn att i drivhuset om nettene hvis det blir frost.) Det gjer eg fordi dei skal bli kraftige og robuste plantar. Inne i drivhuset kan dei rett og slett veksa for fort, og dermed blir stilkane svakare.

Før, då eg ikkje hadde drivhus, sette eg dei til driving i midten av april på terrassen. Der er det lunt og godt. Kom det ei frostnatt, bar eg dei inn, og sette dei ut att neste morgon.

Vinn over sneglane

Georginer, er ikkje det sneglemat? spør folk som har gitt opp georginer fordi sneglane har ete dei opp lenge før dei fekk sjanse til å bløma.

Ja, plantar du knollane rett ut, uten å driva dei først, kan det fort skje. Men gjer du som eg, slik at det du plantar ut er store, kraftige «buskar», gjer det ikkje noko om nokre sneglar et opp nokre blad. (Sjølvsagt må du fylgja med og drepa sneglane).

Mat for Mons

Som sagt er georginene grådige, det vil seia at dei treng  mykje mat og drikke.

I fjor laga eg ei diger «blomekorg» av trepinnar og kvistar som eg planta georginene i. Jorda eg hadde oppi, var ikkje kjøpesekker med torv, men «lasagne» av lauv, kompost av hage- og matavfall, tang&tare, hestemøkk – lagt lagvis. Med ei halv bøtte jord frå kjøkkenhagebeda i kvart plantehol og eit tjukt lag med gras på toppen etter planting.

Skal seia dei treivs!

Null gjødsel heile sesongen.

Joda, her kan du lesa om kvifor det gjer susen. 

Nokon som veit kva denne sorten heiter? Eg har fått desse frå far min.

Stell

Etterkvart som ein blom er avblomstra, er det viktig å klyppa den vekk.  Av tre grunnar:

  1. Du får fleire nye blomar.
  2. Det ser finare ut.
  3. Regnar det mykje, kan den visna blomen mygla, og sjukdom spreier seg.

Rett før den første frostnatta er meldt, må du ta opp knollane, for dei toler ikkje frost. Skjer vekk blomar, blad og mesteparten av stilkane. NB! La det stå att litt av stilkane.

Skrap vekk mesteparten av jorda, og legg dei til tørking. Oppbevar dei i kassar på ein kjøleg stad – men ikkje så kaldt at det frys. Før i tida hadde folk kjellarar. Eg har mine under drivhusbenken.

Kjøkkenhage til pryd

Dermed er du sikra rik bløming i årevis framover – bare meir og meir for kvart år.. og det utan at det kostar deg ei krone ekstra.

Det må vera masse blomar i ein hage, ikkje bare i prydhagen, men også i kjøkkenhagen. Eg synes kjøkkenhagen også skal vera prydhage. Sjølv om eg synes grønsaker er vakre, sår eg også ulike sommarblomar.

Eg likar å prøva nye sortar kvart år, men nokre gamle favorittar kan eg ikkje vera utan. Den kjæraste er blomkarse. Her er ti grunnar til det.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: