8 spørsmål og svar om å så grønsaker

Kva tid det er lurt å så ulike frø er vel så viktig å vita som kordan du sår. Her får du svar på dei spørsmåla eg oftast får om såing pluss to viktige råd til slutt.

Kva sår du i?
Du treng ikkje kjøpa fancy utstyr. Eg sår det meste i druebeger og jordbærbeger som eg har samla på. Det viktigaste er at det er hol i botnen, slik at jorda kan suga opp vatn og sleppa ut vatn. Druebegera er fine på den måten at dei har lok med luftehol – slik at dei blir minidrivhus.
Pluggbrett brukar eg også. Desse er til sals der du får kjøpt hageutstyr. Men du kan også vera heldig å få tak i brukte gratis på nokre gartneri om du spør fint.
I tillegg har eg tre såkassar av tre som eg bestilte saman med trehuset. Mykje finare enn plast, ikkje sant? Dessvere har eg ikkje sett slike til sals på hagesenter.

Kva jord brukar du?
Du kan kjøpa såjord i små sekker, men mi erfaring er at det går godt å så i vanleg jord eller grov vekstorv. Eg likar også å blanda inn litt perlite eller vermiculite.
Kor djupt sår du?
Det kjem an på kor store frøet er. Små frø som for eksempel kålfrø, skal bare dekkjast med eit tynt lag jord. Store frø som bondebønner skal lenger ned i jorda. Tommelfingerregelen er at frøet skal dekkast med like mykje jord som det er stort. Les bak på frøpakken.

Kordan sår du?
Eg har jordblandinga i ein balje og brukar hendene til å “gni” jorda litt slik at eg løyser opp klumpane.
Så fyller eg i begeret og klappar jorda jamn. I pluggbrettet dyttar eg jorda litt ned med fingrane.

Eg vatnar så med ei lita kanne med sil, slik at jorda blir gjennomfuktig, men ikkje dassblaut – og let det stå og trekkja nokre minutt.

Skal eg breiså, det vil seia dryssa frøa tynt ut over i eit lite beger, heller eg litt frø frå posen i den eine handa og strør lett ut med den andre. Klappar så frøa ned i jorda, og strør over litt jord. Eg sår alt i kålfamilien (grønskål, kål, brokkoli, knutekål, kålrot) på den måten. Druebeger er i største laget om du ikkje skal ha masse kål, då.

Når eg sår i pluggbrett, stikk eg små hol med enten ein pinne eller lagar ei lita grop med fingertuppen, og sår så eit og eitt frø i holet. Slik sår eg større frø som rødbeter, mangold og fenikkel.

Løk og purre sår eg også i pluggbrett, men då sår eg 3-5 frø i kvar plugg.
Spinat, salat og reddik som veks fort, strør eg rett ut i baljar slik at dei kan veksa her til dei skal etast.
Dei andre som eg har sådd i små beger eller pluggbrett, må eg prikla (planta om i større potter) seinare.
Kva må til for at frøa skal spira?
Du må passa på at jorda ikkje tørkar ut. Det skjer fort når sola står på. Då blir temperaturen over 20 grader i drivhuset sjølv om det er kaldt ute. For å forhindra uttørking, legg eg eit lag plast over eller lok av plast (som på druebegeret). “Luft ut” litt innimellom.
Frøa må også ha ein viss varme.
Kor varmt bør det vera?
Det kjem an på kva du har sådd. Chili, aubergine og tomat vil helst ha minst 20 grader for å spira. Dei sår eg derfor inne i februar, og flyttar dei ut i drivhuset når eg kan halda nattetemperaturen på ci ti grader.
Spinat og salat treng ikkje ha mange grader. Faktisk er det sånn at salat ikkje spirer når det er for varmt.
Grønsakene som skal veksa utandørs, sår eg i drivhuset. Dei må ta til takke med temperaturen som er der. Den varierer frå 5 til 25 grader, alt etter koss veret er ute. Eg har på omn når temperaturen går mot null grader.
Dei frøa eg sår i mars, taklar å ha det slik.
Kva sår du i mars?
Første halvdel av mars: Løk, purre, spinat, salat, reddik, grønkål, brokkoli, spisskål, knutekål, mainepe, persille, koriander, dill.
Sellerirot og selleristang sår eg i slutten av februar (innandørs, flyttar ut i drivhuset i mars). Lær meir om koss du dyrkar selleri her.
Andre halvdel av mars: Fenikkel, bondebønner, rødbeter.
Aldri høyrt om bondebønner? Sjå her, dei er lette å få til.
Slutten av mars: Mangold (bladbete).
Her kan du sjå heile lista over alle sortane eg har sådd hittil i år.
Kva tid du sår, kjem an på kva tid du kan planta ut. Her i Stavanger er vanlegvis faren for nattefrost forbi i første eller andre veka i mai. Eg reknar omlag 8 veker frå såing til utplanting av desse grønsakene. Unnataket er bøndebønner som eg har tenkt å ta sjansen på å planta ut tidlegare.
Ungar likar å å så. Her viser Sofie (9) koss ho sår reddik.
Kva sår du i april?
Grønsaker som veks fort og som vanlegvis ikkje kan plantast ut før i starten av juni:
Squash, graskar, mais, sylteagurk.
Agurk som eg skal ha i drivhuset, sår eg også i april.

TO VIKTIGE RÅD TIL SLUTT:
Merk det du har sådd. Nei, du hugsar ikkje kva som er kva.

Ikkje så for mykje!
Einskilde frøposar kan innehalda mange hundre frø. Ikkje så alle! Aldri i livet om du treng 300 mangold eller 200 grønkål.
Du får bøttevis av grøne blad frå bare eit par av kvar.
Det er gildare å ha litt av mange ulike grønsaker, enn heile hagen med bare eit par slag.

Eg veit det er vanskeleg å forestilla seg at eit bittelite frø skal bli ein stor plante. Men sånn er det.
Ja, eg pleier å så nokre ekstra for å vera på den sikre sida (tenk om ikkje alle spirer, tenk om nokre døyr osv). Dessutan kan det vera gildt å ha nokre ekstra å gje bort.
Å så går fort. Det som tek tid, er å ta deg av plantene framover. Spirene skal passast på, ettekvart skal dei priklast, plantast ut osv. Ikkje set fleire til live enn du greier å ta deg av og du har plass til.
Takk for masse gode tips 🙂
Takk for hyggeleg kommentar!
Nyttige informasjon
Takk skal du ha! Nytt innlegg publisert nå. Poteteksperiment…