Grytebrød og grønskålspirer

Grytebrød  og  grønskålspirer

Maggi Gausel er ei dame eg har stor sans for. Ho er like oppteken av god mat som meg, og har skreve to gode kokebøker. Nå vil ho ha seg kjøkkenhage. Derfor kom ho på besøk for å få nokre gode råd og tips. Så gildt!

Saftig, påskegult brød

Eg hadde baka mitt favorittbrød «Bodils, lettvinte, gode brød». Gjesten måtte jo få mat! Maggi hadde med brød! Eit  nydeleg  grytebrød. Sidan det snart er  påske, hadde ho hatt gurkemeie i, så det var lysegult inni. Veldig godt! «Saftig», utan å vera deigete.

Me åt nybakt brød og drakk kaffi, og snakka i munnen på kvarandre i timesvis, like ivrige begge to: Om brød, supper og favorittgrønsaker- og urter som sellerirot, ruccola, koriander, – bondebøner, jordeple, god jord, møkk, høner osv.

Både ho og eg elskar sellerirot. Men etter ei omvising i drivhuset, skjøna ho at å så og prikla sellerirot, ikkje var det fyrste ho burde prøva seg på. Det går jo an å kjøpa pluggplantar…

Søtpoteter likar me også begge to, men det er ikkje lett å få til i vårt klima – i kjølegaste laget.

Jordeple og bondebønner derimot, er lettare å få til for nybegynnar.

Har du ikkje høyrt om bøndebønner? Det hadde ikkje Maggi heller. Ei delikatesse som er lett å dyrka.

Me kom også fram til at ho kan så ruccola og koriander i pallekarmar når det er slutt på frosten. Koriander er også genialt å så i august.

Fleire tips om å dyrka koriander, persille og dill får du her.

Tenk, ein slik bitteliten grønkålplante blir til massevis av mat! Dei frynsete spirene fremst er sorten «ragged Jack». «Sukuma Wiki» er ein glattblada, mild afrikansk grønkål.

Grønkål kan ho også prøva å breiså i pallekarmar. Veks mange opp, kan ho flytta dei over i eit bed.

Den vanlege, krusete grønkålen som er til sals i butikkane, er ofte seig og trevlete. Maggi blei ivrig då ho fekk vita at her finnes mange sortar, nokre med glatte, mildare og søtare blad.  Som afrikansk grønkål «Sukuma Wiki» og den russiske «Ragged Jack». Sår du sjøl, er det mange spanande sortar å velja mellom.

Ho synes det var fantastisk at kvar av dei små spirene i drivhuset mitt skal bli til ein stor plante som du kan hausta bøttevis av blad frå. Det synes eg også!

Fenikkel blei ho sugen på å dyrka, då ho såg kor saftig og flott fersk fenikkel er på Instagram-bileta mine. Ikkje som dei tørre knollane i butikkane.

Fenikkel frå hagen min i fjor haust.

Ho reiste heim med frø av afrikansk grønskål og tre sortar bondebønner og «Bodils gode, lettvinte brød».

Eg fekk den første kokeboka «Balanse». Den nyaste, «godt nok», har eg. (Begge på Jæren Forlag).

Litt gurkemeie i deigen fargar brødet påskegult. «Bodils gode, lettvinte brød» er mørk på farge på grunn av at det inneheld ei skei sirup og rugmjøl.

Her er Maggis oppskrift på

GROVT GRYTEBRØD (gryte 1,8 liter)

  • 400 gram sikta spelt
  • 200 gram sammalt spelt
  • 1 ts tørrgjær
  • 2 ss chiafrø
  • 2 ss Fibersirup Gold eller anna søtning som honning, sirup
  • 2 ts salt
  • 5,5 dl vatn

Slik gjer du:

  1. Bland alt det tørre i ein bolle.
  2. Tilsett vatn og rør godt om med ein slikkepott. Deigen skal vera litt klissete.
  3. La deigen stå på kjøkkenbenken med lok over natta.
  4. Om morgonen tek du litt mjøl på deigen og vender den eit par rundar med ei slikkepott i bollen.
  5. La brødet etterheva i 1-2 timar.
  6. Ha semulegryn i botnen av gryta for å unngå at deigen set seg fast. Hell over deigen og dekk med for eksempel havsalt og sesamfrø.
  7. Steik brødet i forvarma gryte (jerngryte er bra). Ha omnen på 245-250 grader.
  8. 30 minutt med lok, så 5 minutt utan lok.

OPPSKRIFTA på Bodils, gode, lettvinte brød finn du her på bloggen.



2 kommentarar om “Grytebrød og grønskålspirer”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: