Fest med lammeform

Lyst på noko godt i kveld? Lurer du på kva du skal servera gjestene på laurdag? Eller kva du skal ha til sundagsmiddag? Prøv denne!
OPPSKRIFT:
Til ci. 4 personar:
- Cirka 1 kilo lammekjøt (eg har laga denne både med stykker frå forpart, lårskiver og lammefilet).
- 1 stor løk
- 1/2 – 1 kvitløk (kjem an på kor glad du er i kvitløk)
- 8 jordeple (poteter)
- 2 søtpoteter (slike som er oransje inni)
- 3 boksar hermetiske, hakka tomater
- 2 koppar vatn, sånn cirka
- litt chili, salt, peppar
- Rosmarin, timian, persille, litt tørka mynte (eg dynger på, bruk det du har).
Slik gjer du det:
- Smør ei form med rapsolje.
- Skrell og skjer løken i skiver, legg i forma.
- Skrell søtpotet og jordeple (hvis du må), skjer i skiver og legg oppå løken.
- Dryss på halvparten av urtene, salt og peppar.
- Skrell kvitløken, skjer fedda i grove bitar og strø dei utover.
- Skjer kjøtet i passelege bitar, legg dei på toppen og strø med urter, salt og peppar og litt chili.
- Hell over boksane med tomat.
- Skyl ut boksane med vatn (ci 2 koppar) og tøm det over.
- Strø over med resten av urtene.
- Dekk forma med aluminiumsfolie.
- Steik ci 3 timar på 180 grader. (steiketida kjem an på koss kjøtet er og kor godt steikt du vil ha det).
- Ta av folien, og la det steika ci 15 minuttar til.
Rosenkål attåt
Då er middagen klar, du manglar bare noko grønt! Det må me ha kvar dag, veit du.
Rosenkål for eksempel, er ypparleg. Fersk frå kjøkkenhagen i mars! (toler å stå ute heile vinteren). Men nå er dei oppetne..
På tide å så nytt! Forresten, må tenkja over om eg har plass i kjøkkenhagen.. Har sådd 30 ulike sortar allereide, mellom anna mange ulike slag i kålfamilien. Sjå heile lista her.

Lammekjøt året rundt, takk!
Dessverre er det ofte vanskeleg å finna lammekjøt i butikkane utanom slaktetida om hausten.
Ved påsketider dukkar lammelåra opp. Det er jo påsketradisjon for mange.
Lam synes eg er det beste kjøtet -utanom vilt.
Skal me få tak i det oftare, får me forbrukarar spørja etter det oftare.
Eller: Kjøpa inn meir om hausten og ha i fryseboksen.
Eller: Ha ein snill og raus bror som kjem på besøk med både lammefilet og lammelår han har henta frå sin eigen fryseboks. Takk, Ståle!
Får du ikkje tak i lam til denne helga, kan du prøva to andre populær oppskrift på denne bloggen:
Min beste lasagne passar godt på fredags- og laurdagskveldar.
Mors kjøtsuppe er god sundagstradisjon eg synes me bør ta vare på.