Heftige bondebønner for bybønder

Heftige  bondebønner  for  bybønder
Bondebønnespirer den 12. mars. (Foto: Margunn Ueland)

Sjå der, så heftig, kva er det? utbryt folk ofte når dei ser bondebønnene mine. Heftige er dei: Både når spirene bryt seg ut av frøet og opp av jorda, når dei veks på stive stilkar, når dei vakre blomane spreier godlukt og når dei store bønene er klare til å plukkast ut av svære belgar.

Å opna ein slik belg er reine opplevinga: For bønnene ligg vakkert innpakka i «vatt», omlag som i eit smykkeskrin.

Nam, nam, bondebønner! Frå hagen min i fjor sommar.

Ekslusiv delikatesse

Bondebønner er ei delikatesse: Dei einaste bønene du kan eta rå (når dei er unge). Koking tek bare nokre få minuttar, så er dei klare til å bli lessa på tallerkenen. Dryss over litt salt, peppar, urter, god olje eller ein smørklass – og nyt.

(Hugs kva Berit Norstrand har sagt: Belgfrukter må me eta kvar dag!)

Ferske bondebønner har eg aldri sett til sals i nokon butikk. Ekslusive, altså!

Struttande bondebønner frå hagen i fjor sommar. Dette er ein låg sort som heiter «Robin Hood».

Lette å dyrka

Det til tross for at dette må vera det bønneslaget som er aller lettaste å dyrka her i kalde nord!

Mens andre bønner ikkje kan plantast før det er 15 varmegrader, (jordtemperaturen må vera over 10 grader), toler bondebønnene låge temperaturar. Ja, i England sår dei bondebønner rett ut i februar!

Eg tjuvstartar nokre inne i drivhuset og sår resten ut på friland når eg trur det er slutt på kuldegradene.  Har jo bomma på vêrspådomane mine mange gonger, men bondebønnene har greidd seg.

Inne sår eg i «roottrainers», men du kan også så i dorullar eller i litt djupe potter. Når dei har spirt, set eg dei ut på dagtid (så sant det ikkje er frost).  Blir dei ståande i drivhuset, blir dei bortskjemde og veks for fort. Eg vil ha tøffe, sterke planter.

Legg bondebønnene i vatn over natta før du sår. Tørre til venstre, blautlagte til høgre.

I fjor fekk eg nokre brunrøde og purpurrøde frø/tørka bondebønner av ein ven. Er kjempespent på koss dei blir. Det er dei eg nå har sådd.

Legg dei i vatn natta før såing. Då svell dei opp, og spirer fortare.

Endå ein grunn til at eg likar å dyrka bondebønner: Dei har kraftig og stiv stilk, og greier seg som regel utan å bli støtta opp.

Og endå ein: Dei veks så fort, at du kan få to avlingar: Ein tidleg på sommaen og ein utpå hausten.

Barn let seg lett fasinera av bondebønner, sjølv om dei nok likar smaken av sukkererter betre.

Reddik er også gøy å så tidleg med barn. Her viser Sofie (9) korleis ho gjer det.

Blomkarse er jo også supert å så i lag med barn.

Er du ny lesar av bloggen? Her  kan du lesa om  kven eg er, og kva denne bloggen skal handla om.



4 thoughts on “Heftige bondebønner for bybønder”

  • Bondebønner er så godt! Det oppdaga eg i fjor. Men eg fekk altfor liten avling ?. Fort gjort å ete dei opp, sjølv om eg ikkje tek av det inste skalet. Heldigvis var eg åleine i familien om å like dei ?. Men i år må eg så mange fleire.

  • Hei, hvor får en tak bondebønner ?? Fikk lyst å prøve det 🙂
    PS takk for et flott foredrag på Tau denne uka 🙂

    • Hei og takk for sist! Var gildt møte med mange gilde folk! Du kan bestilla på nettet viss du ikkje får tak i på hagesenter eller Felleskjøpet. Dei eg har sådd, fekk eg av ein ven. Har også bestilt på nett frå Impecta. Andre frøfirma har også. Sorten eg viste på bileta var den låge «Robin Hood». Lukke til!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: