10 grunnar til at eg må ha blomkarse

10  grunnar  til  at  eg  må  ha  blomkarse

Sommarblomen eg ikkje kan vera forutan er blomkarse. I 27 år på rad har oransje, gule og rødlege blomar og store, runde, knallgrøne blad lyst opp i sommarhagen.

Kvart einaste år sidan den vakraste blomen av alle – dotter mi – var tre år.  Me bladde i ei engelsk hagebok for barn som viste koss frø frå blomkarse gradvis blei til blommar. Det måtte me jo prøva.

Me kjøpte 12 torvbrikettar som svella i vatn og putta eit frø i kvart hol og venta i spenning til det spirte. Me fann fort ut at det ikkje gjekk an å dra spirene opp med augo! Ein vakker morgon hadde frøa spirt. Stor glede.

Småplantene blei planta ut i kjedelege bed med vintergrøne buskar. På den tida var det ugras og stygge buskfuru som dominerte hagen vår.

Som det blømde! Bedet fekk farge og liv, – det vart starten på mi hageinteresse.

Åra etterpå sådde eg massevis av sommarblomar av ulike slag. Dei gamle buskane blei fjerna.

Blomkarse mellom agurkurt (fremst) og rosenkål i hagen min sommaren 2018.

Blir eg aldri lei blomkarse? Nei, fordi den har så mange plussar:

  1. Store frø, lette å så for barn.
  2. Utruleg søte, små blad den første levetida.
  3. Lett å få til. Du kan både tjuvstarta inne (forkultivera) eller så rett ut i bedet i mai (når faren for nattefrost er over).
  4. Fins i mange sortar og fargar. Låge busksortar likar eg å ha i krukker til pynt på terrassen, mens slyngblomkarse raskt dekkjer store flater.
  5. Gjer mykje av seg: Nabojenta Sofie fekk i fjor så 20 frø av slyngblomkarse, som utpå sommaren blei til eit blomsterhav på Leikeplasshagen -under frukttrea og godt samspel med graskara. Og under og mellom bærbuskane.
  6. Passar godt i kjøkkenhagen.  Ikkje bare til pynt, men også til nytte. Jo fleire blomar, jo fleire nytteinnsekt som bier og marihøner. Utan bier, blir det korkje epler eller graskar.
  7. Blomar mellom grønkål, rosenkål, brokkoli og sommarkål gjer det også vanskelegare for kålsommarfuglar å finna kålen. Larver vil me jo ikkje ha!
  8. Du kan også eta blomane. Smakar pepperaktig.
  9. Pyntar opp i salatskåla og på middagstallerkenen.
  10. Blomkarse er ikkje bortskjemd: Den greier seg godt også på etter måten dårleg jord.

Likevel trur eg faktisk ikkje eg sår blomkarse i år. Ikkje fordi eg ikkje vil ha, men fordi det i fjor haust låg att tusenvis av frø på bakken. Nokre av dei må ha overlevd vinteren. Eg trur det blir nok blomkarse uansett!

Men Sofie har veldig lyst til å så blomkarse i år også. Så det blir nok til at me sår ti frø – for å vera på den sikre sida…

Reddik er også gøy å så for barn. Her viser Sofie (9) koss ho gjer det. 

Vil du koma i sommarstemning alt nå, kan du gjera som Alma (4) : Ta på badedrakt, dra på Sydentur til badet. Ha med tropiske drinkar! Her er oppskrifter både på rosa ananasjuice og Alma-Palma- smoothie.

HER ER LISTA OVER DEI 30 MATPLANTENE (27 grønsaker, 3 urter, 1 belgfrukt/bønne)  EG SÅR I MARS. 

EIT GRUNNKURS I Å SÅ:

Derfor tjuvstartar eg i drivhuset, og kva du kan gjera om du ikkje har drivhus. 

Slik sår du/8 spørsmål og svar og to gode råd.

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: