Derfor tjuvstartar eg i drivhuset

Derfor  tjuvstartar  eg  i  drivhuset
Snøen som nyss kom, smelta då sola kom fram i dag.

Kan tru eg har kosa meg ute i hagen og drivhuset i dag! Sola brøyt gjennom skodda, smelta snøen og varma opp drivhuset, så eg måtte kasta jakken.

Snart fyller såbrett og spirer av ulike grønsaker og sommarblomar  benkene og hyllene. Som eg frydar meg!

Det spirer! Frenst til venstre: Bondebønner. Bakerst: Ulike kålslag. Dei små spirerne i såkassen av tre er maineper.

Hittil i år har eg sådd 30 sortar som skal veksa i kjøkkenhagen. Her kan du sjå heile lista. 

Når april går mot slutten, er det mest ikkje plass til meg der inne! Då er det spengfullt av småplantar som ventar på «mai du skjønne, milde».

Drivhuset midt i april i fjor.

Dei fleste grønsakene eg dyrkar, startar livet sitt i drivhuset i mars mens jorda ute framleis er  stivfrosen. Når faren for nattefrost er over, plantar eg dei ut.

Tre fordelar med å tjuvstarta inne (forkultivera):

  1. Dei blir fortare ferdige. Det går rundt åtte veker frå frø til du har ein plante med godt rotsystem og fleire blad. Utviklinga går seint i starten, men etter åtte veker veks dei som regel som bare det.
  2. Dei har mykje større sjanse for å overleva om nokre sneglar skulle koma forbi. Sår du rett ut i bedet (på friland, som det heiter), er det aldri godt å vita om frøa ikkje har spirt, eller om dei har spirt og blitt til sneglemat.
  3. Det er lettare å passa på dei og gje dei stellet dei treng i drivhuset. Sjansen for at kvar spire veks opp til flott plante, er større enn ute.

Men: Det tek tid. Etter nokre veker må kvar spire flyttast over i kvar si vesle potte, slik at dei får rom og nok næring til å veksa seg større. Dei må priklast, som det heiter.

Å så rett ut i bedet, går mykje fortare.

Nabojentene mine Nora (2) og Sofie (9) prøver å finna ut kva gulerotsortar dei skal så seinare i vår.

Rotgrønsaker med lange røter som gulerøter og pastinakk sår eg rett ut på friland.

Dei einaste rotgrønsakene eg startar innandørs, er sellerirot og rødbeter. Det går også fint å så rødbeter på friland, men då må du venta til mai.

Sellerirot sår eg i månadsskiftet januar/februar. 

Har du ikkje drivhus?

Du kan tjuvstarta inne likevel.  Her er 4 metodar:

  1. Eg sådde sommarblomar i fleire år utan drivhus. Metoden var venta til midten av mars/starten av april og setja spirene ut på ein lun stad på terrassen på dagtid, og bera dei inn seint om kvelden.  Var eg utrygg på koss veret ville bli utover dagen mens eg var på jobb, dekka eg dei med fiberduk.
  2. Ein meir avansert måte er å ta i bruk eit rom på loftet eller kjellaren kor det er litt kjølegare enn i stova, og hengja opp plantelys. Nok lys er uhyre viktig, ellers får du nokre tynne, lange sveklingar.
  3. Ein tredje måte, er å bruka store oppbevaringskassar i plast som minidrivhus. Så i druebeger og sett dei i kassen som du set ein lun plass utandørs.  Blir det minusgrader om nettene, flytt kassen innandørs eller dekk med bobleplast.
  4. Start med grønsaker som klarer seg når det er kaldt:Reddik  er gøy for barn å så, og treng ikkje mykje varme. Ha baljen innandørs i starten. Når dei har spirt om ei dryg veke, set du baljen ut, så sant det ikkje er frost. Slik sår Sofie (9) reddik. Spinat og salat kan du også så ute i baljar i mars, men det går best om der er nokre få plussgrader. 


6 thoughts on “Derfor tjuvstartar eg i drivhuset”

  • Du er jamen iherdig! Godt du er blitt pensjonist 😊
    Klarer du å bruke alt? Jeg skjønner at du fryser ned, men……

    • He, he, likar å vera i sving. Brukar alt ja, et mykje grønsaker. Gir også bort til slekt og vener. Og naboane til Leikeplasshagen plukkar det dei vil. Men det er utruleg kor mykje mat du får på liten plass!

      • Dette tenkte eg òg akkurat på. Sellerirot, for eksempel. Det ser ut til å bli ca 40 stk, viss alt går bra heretter. Men korleis lagrar ein dei?

        • Jaså, 40, har dei nett spirt, eller har du prikla? Bør snart prikla mine.. Lagring: Eg let dei stå ute lengst mogeleg – dvs til nyttår – då hadde eg ikkje meir att. Hadde brukt mesteparten i store gryter med supper som eg lagar kvar haust og frys ned. Dei kan også liggja lenge i grønsaksskuffa i kjøleskapet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: