Wow! 10 027 visningar!

Wow!  10  027  visningar!
Sånn såg dei ut den 27. februar...

GOD morgon! Sjøl om eg vakna til snødekka hage, er humøret på topp! Takka vera dykk som les bloggen min: 10 072 visningar viste sidestatistikken i dag morges klokka 07:56.

Tusen takk!

Var svært så spent då eg la ut første bloggutlegg for akkurat. Ligg ein god del arbeid bak,  så det hadde ikkje vore kjekt om ingen gadd å ta ein kikk. Men dette var jo svært så inspirerande og oppmuntrande!

I går ettermiddag fekk eg besøk av nabojentene Nora (2) og Sofie (9).  Dei ville vera med å så i drivhuset. Som eg skal kosa  meg i dag med å skriva om det!

I drivhuset i mars sår og priklar eg mesteparten av grønsakene og sommarblomane eg i mai skal planta ut på friland, så det blir fleire blogginnlegg om det framover.

Tusen takk også for kommentarar – 75- viser statistikken.  Så hyggelege og positive dykk er! Eg svarar alle!

Jorddekke er bra for livet i jorda. (Foto: Jan Inge Haga)

Takk også for at de har delt innlegga!

Mest delte på Facebook er: 

Mange har baka dette gode brødet sidan eg la ut oppskrifta.
Nei, ikkje i vaskemaskinen, Alma! Lag heller ein god smoothie!

Takk for at de vil fylgja meg!

Eg er også svært glad for 107 fylgjarar på bloggen på ei veke, håpar fleire kjem til etterkvart.

Det har også hagla inn med nye fylgjarar og nye vener på Facebook. Så gøy! Velkomne!

På Instagram (@margunnskjokkenhage) har eg fått ci 150 nye fylgjarar sidan i mars. Det gledar meg også. Nokre av bileta her er dei same som på bloggen, andre ikkje.

Løkspirer.

Finn du meg ikkje?

Mange har prøvd å googla Margunns kjøkkenhage, utan å finna denne bloggen. Det som kjem opp der, er Margunns hagebilete (som er det same som Instagrambileta mine) og videoserien som eg laga saman med mine kollegaer i Aftenbladet Hilde Moi (journalist) og Rune Vandvik (fotograf) for fire år sidan. Sidan har kjøkkenhagen blitt utvida mange gonger!

Så det beste er å skriva inn www.margunnskjokkenhage.no. (www.margunnskjøkkenhage.no går også).

 



2 thoughts on “Wow! 10 027 visningar!”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: