Slik sår Sofie (9) reddik

Slik  sår  Sofie  (9)  reddik
Ja! Sofie har sådd reddik!

Nabojenta Sofie er min beste hjelpar i drivhuset og kjøkkenhagen. I går sådde ho reddik.  Sjå her:

Vekk med klumpane.

Ha mold i balje, og løys opp klumpane, med hendene (lurt å bruka hanskar).

Vatna molda med lunka vatn. Bruk sil på vannekanna.  Molda skal bli fuktig, ikkje dassblaut. Vatna litt om gongen, la stå og trekkja, kjenn så etter: Stikk fingeren i jorda. Er det tørt lenger ned, vatna litt meir.

Fordel frøa utover. Tenk at kvart frø blir ein reddik, så sørg for at dei får plass til å veksa. Frø er såpass store at Sofie fint greidde å ta eitt og eitt frø om gongen. Men det tok lang tid, så etterkvart dryssa ho bare frøa tynt utover.

Det gjeld om å ikkje så for tett. Sofie greidde det fint.

Etter ho hadde gjort det, klappa ho ned frøa i jorda. Ho avslutta med å strø ut eit tynt lag med mold oppå, og klappa også det ned med hendene. Sånn at frøa ligg ci 1 cm djupt.

Klapp, klapp, klapp. Frøa må få god kontakt med molda.

Sidan Sofie og eg sår mykje anna løye-papegøye og ikkje bare reddik, måtte Sofie merka baljen sin. For det er ikkje lett å sjå forskjell på ulike spirer. Reddikspirer for eksempel, liknar veldig på spirer av brokkoli, grønkål og spisskål.

Reddik med to d-ar og ein k.

Heldigvis hadde me merkepinnar og merketusj. Så fint ho skriv! På den eine sida skreiv ho reddik (legg merke til hjarta).

På den andre sida av merkepinnen skreiv ho namnet på den sorten reddik ho hadde sådd.

Her er nemleg mange å velja mellom: Nokre runde, nokre avlange. Nokre har mørkerødt skal, andre er røde oppe og kvite nederst. Sofie valde  ein avlang sort med kvit spiss som heiter «Pernot Clair». (fransk: pernå kleer).

Heldigvis er reddik ein av dei grønsakene som veks fort. Dei treng heller ikkje ha det særleg varmt for å spira, sjølv om dei helst vil ha det så vamt at me kan gå ute utan vottar (over fem plussgrader).

Kan tru både Sofie og eg er spente på kor lang tid det vil ta før dei spirer!

Reddikbaljen skal stå i drivhuset mitt saman med mange andre spirer, både blomar, grønsaker og urter.

Eg har sådd 3 urter og mange grønsaker, mellom anna brokkoli som Sofie likar så godt.

MEIR OM Å SÅ HER:

Derfor tjuvstartar eg i drivhuset, og kva du kan gjera om du ikkje har drivhus. 

Slik sår du/8 spørsmål og svar og to gode råd.

Desse 30 sortane har eg sådd til nå.

 



2 thoughts on “Slik sår Sofie (9) reddik”

  • Takk for inspirasjon, så utrolig moro å følge deg. Og så høy produksjon du har, både av blogg og det du gjør i drivhuset og kjøkkenhagen. Jeg har også kjøkkenhage og drivhus, 12 km fra sentrum av Kristiansand. Og så er jeg forhandler av Bokashi – uten butikk 😀 kun demo og kurs. Ser du har de store plastbeholderne med lokk. De funker fint som hus i drivhuset, hvis du er redd frost på enkelte planter. Bare som et tips ☘️☘️

    • Tusen takk! Så kjekt! Bokashi, ja, gode greier. Skaffa meg det i fjor sommar. Og ja, tok i bruk plastkassane frå IKEA til minidrivhus den veka med hadde minus 10 grader. Også greie minidrivhus for folk som ikkje har drivhus!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: