3 urter som eg sår i mars

3  urter  som  eg  sår  i  mars
Dette er ein sort bladpersille med store, glatte blad.

PERSILLE

I år går eg for bladpersille «Gigante D Italia». 

Mitt første år med kjøkkenhage sådde eg kruspersille i ein stor sinkbalje. Det gjekk fint. Utpå sommaren blei det trangt i baljen. Då tok eg ut ein liten rotklump om gongen, og planta dei ut som ein kant rundt bedet.

Det vart kjempevellukka! Persillen grodde som bare det  – for her var det både meir plass og næring – og snart vart det reine hekken! (Ja, ja, det var ei overdriving, men frodig kant vart det).

Eg klypte inn persille i store mengder, – her var mykje meir enn me klarte å bruka undervegs. Tre skuffer i fryseskapet vart fylte med persille.  Dette var for fem år sidan, eg har nett brukt opp den siste..

For persillen stod grøn og fin heile vinteren. Den er 2-årig nemleg. Februar/mars neste år var den litt tufsete og litt gul her og der. Det klypte eg bare bort, så var persillehekken grøn og fin igjen.

Så kan skjøna eg må så persille! Kjekt å prøva noko nytt, derfor bladpersille. Denne sorten får ekstra store blad.

Persillen tar lang tid før han spirer. Kor fort det går, kjem mellom anna an på temperaturen.

Koriander til høgre i gul balje.Ved sida av: Spinat. Nederst: Ruccola fremst, brønnkarse bak. (Foto frå i fjor haust)

KORIANDER

Enten elskar du smaken av koriander, eller så hatar du denne urten. Eg elskar koriander! Og så god lukt!

Eg likar også å laga asiatisk mat, – då høyrer koriander med.

Dei første åra eg sådde koriander, gjorde eg det om sommaren, – for eg tenkte at denne eksotiske urten ville ha det varmt. Eg let han attpåtil stå i drivhuset.

Det blei ikkje vellukka, for før eg visste ord av det, begynte planten å bløma og setja frø. Frøa er også gode i matlaging, men det er dei grøne blada eg helst ville ha.

I fjor eksperimenterte eg med å så koriander i slutten av august ute i ein balje.  Sorten «Leisure» . Det blei korianderen sin det! Kraftig og fin! Eg klypte og klypte, og nye blad vaks ut.  Ikkje før det blei minus fem grader i november, gav han opp.

I år sår eg resten av frøa i posen.  I pluggbrett, ikkje i balje. Har nemleg tenkt å planta dei ut i bed.

Har også kjøpt koriander «Confetti» som eg skal så i haust.  Det er ein «frynsete» koriander med finflika blad.

Eg vatnar jorda før eg sår, så spyler eg ikkje vekk dei små frøa.

DILL

Eg er i grunnen ikkje så glad i dill i maten, men eg synes dei er så fine å sjå på med dei lysegrøne frynsene. Ofte let eg dillen stå til han går i blom: Vakre gule frøskjermar. Pyntar fint opp mellom grønsakene.

Dessutan er dill lett å få til, er mi erfaring.  Og så hadde eg ein spretta pose frå 2014 som eg ville bruka opp før han blir alt for gammal. Håper dei spirer!

Sorten heiter «Como» og er ei skjermdill som eignar seg godt både til å plukka blad av og til krondill.  Og i år skal eg prøva meg for første gong på sylteagurkar.

«Passer utmerket til frysing», står det bak på frøposen.

Det går også fint å så dill rett ut i bedet i  mai. Men då risikerer du at ein svolten snegel eller to kjem forbi og jafsar i seg spirene. Derfor sår eg dei inne og plantar ut sjølv om det er meir dill-dall..

MEIR OM Å SÅ HER: 

Derfor tjuvstartar eg i drivhuset, og kva du kan gjera om du ikkje har drivhus. 

Slik sår du/8 spørsmål og svar og to gode råd.

Desse 30 sortane har eg sådd til nå.

 

 

 



6 thoughts on “3 urter som eg sår i mars”

  • Så morsomt å lese. Jeg sliter også med ar koriander går fort i blomst, så sen såing er kanskje tipset 🙂 (men vil jo gjerne ha å plukke om sommeren også da… kanskje det hjelper å ha den mer i skygge? Ser du skriver at du vil fryse ned dill…. det gjorde jeg ett år, da luktet/smakte det dill av ALT i fryseren 🙁 selv om den var i tette bokser. Morsomt å følge deg, du har flott side og flotte innlegg ? Nina

    • Tusen takk! Då skal eg ikkje frysa ned dill… Blir vel ikkje så mykje av dei gamle frøa eg nett sådde. Eit anna tips for å ha koriander året rundt, er å så fleire gonger om året på ulike tidspunkt. Kan vera lurt i halvskugge om sommaren (sjølv om det er sjeldan det blir veldig varmt her).

  • Mange krydderurter kan tåle ganske mye skygge. Jeg har en pallekarm, som kun får morgensol. Der sår jeg kruspersille, bladpersille og koriande. Ifjor hadde jeg også kummin i pallen. Det gikk kjempebra. Korianderen gikk ikke i blomst.

  • Åhhhh. Jeg elsker koriander, her fikk jeg flere gode tips, min blir sådd om våren og går alltid opp i blomst. Jeg har den i drivhuset, for her «plages» vi av sultne rådyr som liker det meste. Drivhuset er dessverre det eneste stedet de ikke kommer til.

    • Hei! Ein grunn til at koriander (og mange asiatiske bladvekster) går opp i blom her, er at det er for lyst! Hadde eg vore deg, hadde eg sådd masse koriander i august og hatt i drivhuset heile hausten!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: