Soljuice på Sola

Soljuice  på  Sola

Appelsinar på skjerefjøla, kjøkkenbenken full av grønsaker, epler på veg ned i «halsen» på juicemaskinen. Ein diger ananas. Eit snapshot frå bonusdotter Mona Hegelstad tikkar inn på mobilen sundags føremiddag. «Inspirert!» var meldinga.

Melding frå Mona: «Inspirert!»

Me dura ut. Lekre flasker med ferdig gyllen juice på frukostbordet. Og ei mugge med litt gusjengrøn-oransje væske.

Sunniva «shottar» grøn juice med masse ingefær. Alma er skeptisk…

Alma (4) ville slett ikkje ha. Men Sunniva (8) let seg ikkje avskrekka av fargen.  Ho hadde vore med å laga til, så ho visste der var mykje godt oppi.

Mamma Mona hadde dekka på med både store glas og små shotglas. Sunniva og eg «shotta» det eine glaset etter det andre med den mosegrøne juicen. Knallgod, med sting! Det røska godt opp i halsen.

Alma let seg ikkje lokka. Men då eg tok foto av systera, blei det fart på juicedrikkinga til Alma: Men ho heldt seg til dei to gylne drikkane: Den eine med bare appelsinar, og den andre også med grapefrukt.

Christina (10) som skulle spela handballkamp, sette til livs to store glas av styrkedrikkane.

Grøne augo, grøn juice! Fine Mona!

Mamma Mona har fått med seg såpass av preikinga mi, at ho visste den mosegrøne juicen var sunnaste.  Heile mugga gjekk ned. Juicen matcha dessutan perfekt med dei grøne augene hennar!

 

Humøret og energien steig, jo meir juice me drakk.. Christiana og pappa Elling Hegelstad til venstre.

Etter nokre glas med juice var både humøret og energinivået på topp!

Ikkje rart dei er sjeldan sjuke  ungane der i huset, med den serveringa. Flinke Mona!

OPPSKRIFTER: 

Monas medisinshot

  • 5 epler
  • 4 gulerøter
  • 1 stor bit av ingefærrot
  • 1 neve  grønkål

 Sola-sitrus: 

6  appelsinar

4 grapefrukt

Min godmorgon-juice: 

  • 2 gulerøter
  • 1 eple
  • 1 appelsin
  • ein liten bit ingefærrot
  • og hvis du har: 1 stilk selleristang

Då me skulle gå,  forsvann Alma inn på vaskerommet med ananasen…. Eg trur det må bli neste blogginnlegg.

Fargetips

Lagar du juice eller smoothie med grøne grønsaker som grønkål og spinat,  likar eg best å blanda med gule eller grøne frukter som mango, ananas, banan, sitron, lime, epler, kiwi, druer, avocado. Då får du både god smak og frisk, fin farge.

Eller med blåbær og bjørnebær, då blir smudien lilla.

Rødt (som i bringebær og jordbær) og grønt går heller ikkje så bra saman med tanke på fargen. Rødt og grønt blir – stemmer, brunt.

Men rødt som i rødbeter, går utmerka. Fargestoffene i rødbetene (dei gode antioksidantane!) fargar alt rødt.

Fleire oppskrifter:

Dette er ein av smoothie-favorittane mine.

Prøv også denne snadder frukostblandinga!

Og har du baka dette gode og lettvinte brødet ein gong, kjem du garantert til å gjera det igjen!

Mors kjøtsuppe. 

Min beste lasagne. 

Vil du fylgja meg? Klikk på den svarte knappen kor det står abonner til høgre på sida (hvis du er på pc-en eller I-pad), eller nederst etter alle innlegga hvis du er på mobilen. Skriv så inn e-post-adressa og trykk abonner igjen. Heilt GRATIS!  Då får du ein e-post når eg har lagt ut eit nytt innlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: