Mors kjøtsuppe

Mors  kjøtsuppe

Sundagsmiddagane var eit høgdepunkt då eg vaks opp. Kjøtsuppe var noko av det eg lika best. Supper er eg ein stor «fan» av den dag i dag. Lettvint (alt i ei gryte), velsmakande, varmande på kjølege dagar, og så mykje mat det blir!

Ikkje minst: Ein super måte å få i seg masse gode grønsaker.

Mor brukte ikkje oppskrift, heller ikkje eg, men her har eg skreve ned koss eg gjorde det sist sundag:

Kraftbein.

1. Kok kraftbein i så mange timar som du har tid til i 4 liter vatn. Eg brukte to, men jo fleire jo betre kraft.

Ha i 2 ts pepparkorn, 6 kvitløkfedd (mor brukte ikkje det, men det gjer eg, for det er jysla sunt), 1 finhakka løk, 3 ts tørka timian, 1 laurbærblad.

2. 3,5 timar før du vil eta, ha i kjøtet. Ci 850 gram oksehøgrygg (reint kjøt). Skjær i passe store bitar, småkok vidare.

3. Så var det grønsakene: 1 purre, 6 gulerøter, 1 kålrot, 1/2 sellerirot, 3/4 kål. (vask dei fyrst)

Skjer rotgrønsakene i små bitar.

Strimla kålen.

Kutt opp purren i ringar.

Ha ein neve av kvar opp gryta, desse skal setja smak på krafta/suppa. Ha resten i ei stor skål og vent med å ha desse i gryta til ci 40 minutt før du skal eta.

Du treng ei stor gryte!

4. Då set du jordeplene på kok.

5. Og lagar løksaus:

Hakk 1/2 løk og surr i 2 ss smør på svak varme til han blir mjuk og gyllen.

Dryss på 1 ss kveitemjøl, rør godt.

Spe med 2 dl mjølk og ei ause suppekraft. Rør godt mens kokar opp. Då tjuknar sausen.

Ha i 2 ts eddik (eg brukar eplecidereddik) og 2 ts sukker. Sausen skal bli litt sursøt. Ta i ei ts om gongen og smak deg fram.

Litt salt og peppar til slutt.

La stå og småputra litt til maten skal serverast.

6. Ha litt ekstra persille i suppegryta og smak til med peppar og salt. Sjekk om kjøtet er mørt.

7. Server: Me et suppe først, så kjøt, jordeple, grønsaker og løksaus.

 

Av dette blei det masse mat!

Både mannen min, min vaksne son og eg åt oss gode og mette.

Likevel var der mykje att. Nok til 6 middagar for to som eg fordelte i frysebeger. NB! Kjøl av før du frys.

Greit å ha til ei gong du har dårleg tid.

PS: Eg har alltid nokre posar med hakka grønkål i fryseboksen. Strør ofte ein handfull eller to i suppa. Gjer suppa endå sunnare, og eit grønt drys friskar opp. Gløymde å gjera det denne gongen, derfor synes eg suppa ser litt bleik ut…

Inga suppe utan selleristang eller sellerirot: Sellerirot (rotselleri) sår eg fyrst av dei grønsakene som skal plantast ut i kjøkkenhagen. For ei lukke å kunna dra opp ferske røter utpå hausten! Sjølv jorda der dei veks, luktar godt! Og ferske sellerirøter er ikkje brune inni, men lysande kvite! Dyrkingstips får du her. 

Denne sundagen starta med tre typar god juice. Laga av Alma (4), Sunniva (8), Christina (10) og mamma Mona (bonusdotter mi). 

Vil du fylgja meg? Trykk på den svarte knappen som det står abonner på. Det er GRATIS! Skriv inn e-postadressa di. Knappen finn du til venstre på sida hvis du er på pc-en og nederst – etter blogginnlegga- på mobilen.



4 thoughts on “Mors kjøtsuppe”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: