Sommarferie på badet med ananasdrinkar

Sommarferie  på  badet  med  ananasdrinkar

Alma (4) var i ferd med å stappa ananasen i vaskemaskinen, då me oppdaga henne.

Kjære  Alma, vaska  ananas er ikkje særleg godt. Du kan heller be mamma laga denne gode juicen og denne gode smoothien!

Nei, ikkje i vaskemaskinen!

Vil du ha rosa eller gul?  Rosa? Ok, rosa juice først:

PINK PINEAPPLE:

  • 1/2 ananas
  • Juice, ha i blendar saman med 2 nevar frosne bringebær/jordbær.

Nam, nam!

Og sidan det er sludd og kaldt i dag, kan du ta på badedrakt og leika at du er på sommarferie i Syden mens du kosar deg med denne:

ALMA PALMA

  • 1/2 ananas
  • 6 ss kokosnøttmjølk
  • 1/2 ts vaniljesukker
  • Juice av 1/2 sitron
  • 1 kopp eplejuice

Husk solbriller!

Takk for god frokostjuice!

Her på bloggen skriv eg både om matlaging og dyrking av  mat.

Denne fyrste veka har eg også lagt ut oppskrift på:

Dei 10 hageartiklane denne fyrste veka i mars: 

Vil du fylgja meg? Klikk på den svarte knappen der det står abonner (til høgre på sida hvis du er inne på pc og Ipad) eller nederst på sida etter innlegga hvis du er på mobilen. GRATIS! Det som skjer når du abonnerer, er at du får ein e-post når eg legg ut neste artikkel.

 

 



2 kommentarar om “Sommarferie på badet med ananasdrinkar”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: