Bodils gode, lettvinte brød

Bodils  gode,  lettvinte  brød

 

Ah, det luktar så godt!

Har prøvd mange gonger å baka brød, men fekk det aldri heilt til. Men så skjedde det store! På besøk hos bror min på Ualand fekk eg servert eit fantastisk godt brød. Det var den driftige Bodil Heskestad som hadde baka.

Den oppskrifta måtte eg ha! Bodil delte, eg prøvde. Og fekk det til på første forsøk! Inga elting, inga heving. Ikkje gjær, men natron. Bare å røra saman, ha i to former og inn i omnen.

Frø inneheld sunne fettsyrer, protein, mineralar og plantekjemikaliar som er med på å halda deg frisk og sterk.

Mykje sunt og godt oppi, (og det likar eg jo) som havregryn, graskarfrø, solsikkefrø, linfrø, rugmjøl, kruskakli. Dette var sommaren 2016.

Sidan har me ikkje kjøpt brød her i huset. Min gode mann ?vil bare ha dette brødet. (eg også…).

Så tuuuusen takk, Bodil???Heia Ualand!??????

Her er oppskrifta:
2 dl sammalt kveite
3 dl sikta rug
2 dl grov rug
5 dl speltmjøl
1 dl store havregryn
1,5 dl kveitekli
1,5 dl solsikkekjerner
1,5 dl linfrø
1 dl graskarkjerner el sesamfrø (eg tek 1/2 dl av kvar)

2 ts salt (eg brukar 1)
5 ts natron

1 ss mørk sirup
1 l skumma sur mjølk (eg brukar Kefir frå Tine  eller kulturmjølk som ikkje er skumma) pluss ein skvett vatn (skyl ut kartongen)

Slik gjer du:

Bland det tørre. Ha i det våte. Rør/Bland alt.
Ha i to former, eg penslar dei med rapsolje.
Steik på 175 grader i 1 time og 40 minutt.

Eg legg eit ark bakepapir eller aluminumsfolie på toppen av brøda den siste halve timen i omnen, ellers synes eg dei blir for mørke.
Brødet held seg saftig og godt i mange dagar.

Graskarfrøa dyrkar eg sjøl!

Har du lyst å fylgja meg?  Er du på pc-en, vil du sjå ein svart knapp til høgre på sida der det står abonner.  Klikk på den og skriv e-postadressa di. Det er GRATIS!  Er du på mobilen, finn du knappen heilt nederst, nedføre alle innlegga.

Her får du også oppskrifta på ei snadder frokostblanding. 



8 kommentarar om “Bodils gode, lettvinte brød”

  • Dette var knallgodt brød, enkelt å lage og her slipper vi gjærsmaken som ikke er særlig god. Tusen takk, nå blir det mye mindre kjøpebrød på oss (og kanskje tilogmed slutt….) ??

    • Ja, eg bakar 2 om gongen (oppskrifta er til 2 former), kjøler av og frys det eine. Det går supert. Frose brød likar eg å ha nokre minutt i brødristaren etter det er opptint.

  • Dette vil jeg gjerne prøve, men jeg lurer på noe. Siktet rug betyr jo at skallet er fjernet. Lurer på om man kan bruke fin sammalt? Der er jo godsakene intakte. Så skriver du speltmjøl. Det finnes både sammalt og siktet. Hva bruker du?
    Takk for spennende blogg, gleder meg til å følge deg.

  • Høres jo ut som en perfekt oppskrift for grytebrød? Dvs at deigen helles oppi en forvarmet jern-/emaljegryte og stekes i den. 1/2 tiden med lokk 1/2 tiden uten for å få et saftig brød. Tror jeg skal prøve det 🙂

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: