Min beste lasagne

Min beste lasagne

Ikkje bare smakar det godt, denne lasagnen er også reine helsekosten!

Triks nr. 1 er å bruka røde linser i staden for kjøtdeig. Linser er utruleg billige, du unngår feitt som ikkje er bra for deg, og får i deg masse god plantekraft som er bra for deg.

Kanskje du såg sist fjernsynsprogram med Berit Nordstrand? Det handla om helsefordelane med belgfrukter (linser, bønner, erter). Me må eta belgfrukter kvar dag, sa ho. Belgfrukter er proppa med protein, fiber, antioksidantar og mineral som kalium og magnesium. Slik mat er mellom anna med på å senka blodtrykket,  motverka bukfeitt, og tarmen din treng det.

Triks nr. 2 er å jazza opp den røde sausen med urter (timian, oregano), løk, gulerøter, selleri (stangselleri eller rotselleri) chili og kvitløk.

Slik dyrkar du din eigen rotselleri og stangselleri. Har du fått til sellerirot ein gong, er du hekta!

Triks nr. 3 er å ha persille og bladgrønt som spinat eller grønkål eller mangold i den kvite sausen. Eg har fryseboksen full av posar med grønkål og mangold frå kjøkkenhagen.

 

Ein av dei mange haugane med mangold som hamna i fryseboksen i fjor sommar og haust. Godt å ha til vinteren!

Her er oppskrifta mi:

RØD SAUS:

  • 1 gul løk
  • 2 kvitløkfedd
  • 1 selleristilk
  • 2 gulerøter
  • 2 ts timian
  • 2 ts oregano (tørka)
  • 1/2 rød chili utan kjerner (obs, kjem an på kor sterk chilien er og kor sterk du vil ha maten)
  • 1 lite dryss anisfrø
  • 1 grønsaksbuljongterning
  • 3 dl røde linser
  • 3 dl vatn
  • 4 boksar med hakka tomatar
  • 1 ss tomatpure
  • litt salt og peppar

Slik gjer du det: 

  1. Skyll linsene i vatn, la dei gjerne liggja i vatn ei stund.
  2. Hakk løk og fres lett i rapsolje til blir gyllen.
  3. I mens hakkar du dei andre grønsakene, kvitløken og chilien og har dei i gryta nokre minutt mens du rører.
  4. Ha i linsene, vatnet, buljongterningen,  dei hakka tomatene pg tomatpureen.
  5. Ha i urtene.
  6. Kok lett i ci 45 minutt. Smak til med salt, peppar, evt. spe med vatn.
  7. Høyr på Pavarotti:)
Nam, nam.

KVIT SAUS MED GRØNT:

  • 4 ss smør
  • 5 ss kveitemjøl
  • 1/2 ts muskattnøtt
  • 2 liter mjølk
  • salt, peppar
  • 1 neve (handfull) persille
  • 2 nevar (handfull) hakka grønkål
  • 2 nevar (handfull) hakka spinat

Når begge sausane er klare, legg du lasagneplater (det går med cirka 30 plater )og saus lagvis i ei firkanta form, slik: 

  1. Start med eit lag rød saus.
  2. Dekk med eit lag lasagneplater.
  3. Ha på eit lag kvit saus.
  4. Hald fram slik til forma blir mest full. *(sjå spar-tid-tips)
  5. Dekk med aluminiumsfolie.
  6. I steikeomnen på 180-200 grader i ci 30 minutt.
  7. Ta av folien, ha på ost og la steika nokre minutt ekstra til osten er gyllen.

*SPAR-TID-TIPS:

Hvis du nå fekk meir både rød og kvit saus enn det var plass til i forma, fyll ei form eller to til. Putt den eine i omnen, sett dei andre til avkjøling og ha i fryseboksen.

Neste gong du får lyst på lasagne, er det bare å ta ut ei form kvelden før (slik at lasagnen blir opptint før du har den i steikeomnen).

Eg pleier alltid å laga stor porsjon, slik at eg får nokre former ekstra. Det tek ikkje mykje meir tid å laga tre former enn ei.

Måtte jo ha lasagne i dag, sidan eg er i Italia-stemning:  Skreiv dette innlegget tidlegare i dag om Amore i Amalfi. 

VIL DU FYLGJA MEG?

Då blir eg veldig glad. Det kostar ikkje noko.

SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



10 kommentarar om “Min beste lasagne”

  • Den fekk eg lyst å prøve! Anis og Pavarotti er ukjende ingrediensar for meg, men kanskje eg skal våge å prøve det òg ?.

  • Fekk lyst til å prøve denne til middag i mårå! Men funker det like bra å tilsette ferdig kokte linser fra boks istedenfor tørre linser? Tilsette de helt på slutten av koketiden.

    • Hei! Kjekt at du ville prøva lasagnen min. Ja, det går også å bruka ferdig kokte linser (og ha dei i til slutt). Men det er billigare å kjøpa tørre linser, og det tek jo ikkje lang tid å koka tid. Beklagar seint svar!

  • Hei,
    Jeg pleier å lagre oppskrifter jeg vil prøve ut og ta vare på i Pinterest, men flere ganger opplever jeg at dine oppskrifter ikke el mulig å lagre der.
    Er det et bevisst valg fra deg, at de ikke skal kunne lagres i den appen, eller er det noe feil?

    M.v.h. Marte

  • Hei! Laget denne i kveld – og for en KNALLGOD lasagne! Mannen hilser også – denne var en innertier og skal garantert lages igjen!:) (Har til og med fått laget et par ekstra smålasagner som vi skal fryse ned til senere.) Takk for at du delte oppskriften din!:)

Legg att eit svar til Lisbeth Halse Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: