Amore i Amalfi

Amore  i  Amalfi
Amalfi-inspirert hjørne i drivhuset. (Foto: Jan Inge Haga).

Sitrontre, å så herleg! Det duftar så godt og fruktene er så fine. Solgul sitron nå på denne tida får meg i godt humør.

Sjølv om det bare er ein… (og tre små grøne).

Dessutan minner det meg om då eg var nyforelska i Italia for mange år sidan…

Rolf i sitronlunden i Amalfi i 1983. Tre år etterpå gifta me oss, og gifte er me framleis.

Eg og han som eg blei gift med (Rolf Norås), var på vår fyrste Italia-tur saman. Me starta i Rimini, men reiste fort derifrå.  Til Amalfi-kysten. Me tykte det var heilt magisk; så vakkert med dei små fargerike murhusa tett i tett oppover åskanten bak det blå havet.

Varme og tørste var me, så me vart overlukkelege då me fann ein liten restaurant med ein skuggefull bakhage. Eg gløymer aldri dei sitrontrea, fulle av frukter. Kelneren skjenka oss forfriskande sitronlimonade som velkomstdrink. Ahh, deileg!

33 år etter…

Sidan har eg alltid hatt lyst på sitrontre… Men det gjekk over 33 år før eg kjøpte eitt: På seinsommaren for to år sidan. Då hadde eg det ståande i hagestova (vinterhagen).

I fjor vår flytta eg det ut på terrassen. Der sto det i plaskregnet og lengta etter sol.

Utpå hausten, etter at eg hadde heve ut tomatplantene, fekk det koma inn i drivhuset. Der har det likt seg godt. Eg har bare hatt på omnen når temperaturen har gått under to plussgrader.

I sprengkulda sist veke, blei det to minusgrader ei natt. Men det gjekk fint.

Ser bladene er litt i bleikaste laget, må  nok snart få litt gjødsel. Har kjøpt ei lita flaske med flytande gjødsel for sitrustre til å blanda i vannekanna.

Har forresten knapt nok vatna treet i vinter, det var dassblautt då eg tok det inn.

Sitronpelargonia.

Eg trur eg må ta med meg ein stor kopp te, og gå ut i drivhuset, setja meg  ned og snusa inn sitrondufta.

Har ein duftpelargonia ståande ved sida av som også luktar sitron..

Skjønt eg blir vel ikkje sitjande lenge i ro… Har nokre frø eg vil så…

PS: Mannen min syns denne songen passar godt til dette innlegget (hah, hah, hah!) 

Sidan eg er i Italiastemning, passar det god med lasagne i kveld! Her er mi beste oppskrift. 

Vil du fylgja meg? Trykk på den svarte knappen som det står abonner på. Det er GRATIS! Skriv inn e-postadressa di. Knappen finn du til venstre på sida hvis du er på pc-en og nederst – etter blogginnlegga- på mobilen.



2 thoughts on “Amore i Amalfi”

  • Hestemøkk på onsdag, potetopprør torsdag, og en vakker dose kjærlighet på en fin fredags morgen. Her får en i pose og sekk! Og den nydelige sangen! Tusen takk, Margunn!

    • Tusen takk, gode Unni! Du er ein knupp! Spørs om det ikkje må bli oppskrift på lasagne på bloggen seinare i dag, sidan eg er i Italiastemning.
      Og takk for at du fylgjer meg!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: