Hurra, eit lass med halm og skit!

Hurra,  eit  lass  med  halm  og  skit!
Dette er gode greier! Halm i blanda litt kalveskit.. Heldige meg! Takk bonde Kalle Nilsen!

Perler og champagne er ikkje noko for meg, men gje meg eit lass med gammal møkk og halm, då blir eg lukkeleg!

For det blir til god jord i kjøkkenhagen og mat til mange milliardar medarbeidarane som jobbar gratis for meg:  Meitemarkar og andre kryp som er  så store at du kan sjå dei med augene, og utrulege mengder av bakteriar, sopp og andre mikroorganismar. Utrulege mengder  av liv som gjer avfall om til super jord og som samspelar med planterøtene slik at dei trivs, veks og får næringa dei treng. Enormt fasinerande!

Så frodige, flotte plantar, koss får du det til? spør folk.  Svaret er levande, god jord (og masse kjærleik).

Slik jord kan du ikkje kjøpa i sekker. Slik jord lagar du i lag med livet i jorda med å leggja på lag på lag med organisk materiale, det vil seia kompost, lauv, gras/plenklypp, halm, planteavfall (avkapp frå grønsakshagen, staudehagen), tang og tare, møkk.

Det er jo fantastisk: Det folk flest kastar i den brune dunken/søppelspannet, blir til jord.  Avfall blir til nytt  liv.

Eit heilt tilhengjarlass!

Her i Stavanger er me så heldige at me har ekte bønder i byen. Kalle Nilsen på Ullandhaug er ein av dei. Rundballar med gras som det har gått hol på, kan ikkje  brukast til å fora kyrne med. Men det er ypperleg jorddekke, næringsrikt, blir fort til jord. I fjor vår tok eg mot til meg og ringte Nilsen for å høyra om han hadde ein ball han ville bli kvitt. Det hadde han. Knallbra! Den trengte eg til nyanlagte bed på Leikeplasshagen. Grønsakene grodde som bare det.

Nyleg tikka det inn melding: Om eg ville ha ein grasball i år? Og var eg interessert i eit lass med halm frå kalvegardane? Klart eg var!

Dermed kom bonden durande på traktoren gjennom bygatene med eit heilt tilhengjarlass samt ein rundballe.

Då var det bare å gå laus på haugen…

Då var det bare å gyva laus på halmhaugen. Det tok eit par timar å fordela den på alle beda (sist dekka med lauv i november ).  Takka vera styrketreninga eg bedriv om vinteren, kjende eg det ikkje i rygg og skuldre etterpå, men underarmane mine begynte å skrika to dagar etterpå. Au! Hadde sikkert vore lurare å ta litt om gongen. Våt halm er myyyyykje tungre enn tørr..

Grasballen sparar eg på til seinare på sesongen.

Gratis trim…Det var mindre møkk og meir halm i tilhengerlasset frå bonden enn eg hadde trudd. Minuset med halm er at det kan bli god bustad/skjulestad for sneglar.  Eg håpar dei strauk med i sprengkulda me hadde sist veke.

Dette blir gode greier! Eit tynt topplag med gammal, tørr sauemøkk.

På grunn av snegleplagen har eg ikkje dekka dei to beda i min gamle kjøkkenhage med halm.  Her har eg i staden fordelt tre sekkar med gammal sauemøkk som bror min Ståle kom med. Han er bonde på Ualand sør i Rogaland. (Under møkka ligg eit lag med lauv som eg la på i fjor haust.)

Dermed kan eg samanlikna: Kva blir best? Blir spanande å sjå…

Gull….

Kjenner du ikkje ein bonde, sanka lauv, tang&tare, skaff deg kompostdunk.

LES OGSÅ:

Grunnkurs i å så, får du her.

Meir om forkultivering (tjuvstart i drivhus) og kva du kan gjera om du ikkje har drivhus. 

Desse 30 sortane har eg sådd til nå.

 

 



15 thoughts on “Hurra, eit lass med halm og skit!”

  • Fantastisk blogg! Dette er så inspirerande! Sjølv om det er minusgrader og dekt med snø i min hage, har eg byrja på såing inne. Vi fekk tak i hestemøkk i fjor, eg har ikkje turt spørre etter rundballar, men kanskje eg får mota meg opp no! Eg sankar mykje tang, da. Og eg hentar flis som ligg i skogkanten attmed vegen til jorddekke. Brukar hageavfallssekker og fyller bilen på mine turar (eg har litt køyring i jobben). Ja, og så hentar eg halm frå ei venninne. Og eg starta 5 ekstra kompostbingar ved hjelp av det eg sanka, med berre gitterkarmar rundt og no ligg dei med gamle presenninger over. Synest tang kjem seint i gang med kompostering, det vart ikkje varme i fjor haust på dei. Eg bor landleg, på Tingvoll, Nordmøre.

    • Tusen takk!! Så gildt å høyra! Det gildaste eg veit er jo å dyrka og formidla:) Vakna til ny runde med snø…Men sånn er mars. Gammal hestemøkk er gode greier. Rundball: Dei er mykje større enn dei ser ut på avstand! Tang er jo det aller beste. Men eg køyrer ikkje bil, så det er litt tungvint å få tak i. Bur eit stykke frå sjøken. FLIS ja, det brukar eg til å dekka stiane i kjøkkenhagen og Leikeplasshagen med. Tenkte faktisk eg skulle skriva eit innlegg om det. 5 kompostbingar – supert! Eg har 2 varmkompostbingar. Hadde ein stor kaldkompost i «tre avdelingar», men det kom dessverre mykje sniglar, så eg skifta til varmkompost. Har også skaffa meg Bokashi til matavfall. Snakkes!

      • Har heldigvis ikkje fått «mordarsnigelen» enno, men det kjem masse små og dei svarte sneglane. Har ikkje merka dei i kompostbingen, faktisk. Eg «byttar bort» varmkompost med bokashi på vinteren, særleg. Da stoppar det uansett opp ute og vi må måke oss fram om vi skal bruke varmkompostbingen. Men det har vore snø og frost samanhengande i meir enn 3 månader, så no har det hopa seg opp med bøtter inne (har satt ein stor dunk ut og kan jo sjølvsagt berre sette det ut). Men jordfabrikkane i pallekarmane har snøa ned og lokka har frose fast. Flis er visst bra for å få soppsporar i hagejorda. Men både halm og jord bremsar vel farten på oppvaming til våren. Og sniglane likar seg sikkert godt der. Tenkte prøve litt av kvart. Eit poeng å berre dekke beda med flis, ikkje blande inn i jorda, for da drar dei ut all nitrogen.

        • Hei igjen! Ja, halm bremsar farten på oppvarming i overflata, men til gjengjeld blir det varme under pga komposteringsprosessen. Har lagt litt flis som dekke på toppen av ein del av eit bed for å finna ut koss det verkar. I bærbuskbedet dekker eg med lauv og flis. Sant det, flis er bra for å få soppsporer i jorda. Men mi erfaring er at det er betre å ha i botnen enn på toppen.

      • Ser du har Bokashi. Er du fornøyd? Graver du det rett i jorda etter de to ukene innendørs, eller har du det over i kompostbingen?

  • Glad jeg fant bloggen din?
    Bønder har vi jo en del av rundt her jeg bor! Men jeg bare lurer, jeg dyrker for det meste i pallekarmer, funker det med halm oppi disse også? Bare å legge et lag oppå jorda som ligger nedi dem? Hvor lang tid tar det før det blir til jord jeg kan så i?
    Mvh Silje

    • Hei og takk! Håpar du vil fylgja meg:) Bønder må me ha, både «store» og «små» hobbybønder. Pallekarmar: Eg synes det funkar best med 2 pallekarmar oppå kvarandre. Fyller den nederste med grovt plantemateriale som flis, kvist, staudeavkapp, halm, lauv, tang etc. I den andre har eg først grov kompost, så jord frå hagen/kjøkkenhagebeda. Då kan du så og planta med ei gong!

  • Bruker du tangen fersk i bedda/kjøkenhagen, eller må den komposterast gørst? Fin blogg! Mari L

    • Tusen takk, håpar du vil fylgja meg (trykk på knappen abonner, er gratis). Tang: Begge deler. Brukar mesteparten fersk, men har også litt oppi varmkompostdunken.

  • Jeg har mye halm etter hønene og lurer på om jeg kan legge dette direkte oppå pallakarmene nå eller om hønsemøkken blir for sterk? Ellers henter vi kompostert hestemøkk som jeg fyller opp pallekarmene med på toppen av jorden fra i fjor, men de er mye spon i, er dette negativt? Har lurt på å hente fersk møkk i år siden den fra i høst fortsatt er tele i, men blir det for sterkt? Bor på Vestlandet, men det er fortsatt snø her og tele i jorden..

    • Sidan hønsemøkka er blanda med halm, trur eg ikkje det blir for sterkt. Kompostert hestemøkk er bra, spon går greit, er mi erfaring.
      Fersk møkk: Du som har både fersk hestemøkk og hønehalm kan jo laga deg ein varmbenk!
      Ellers kan du blanda fersk møkk inn i jorda, slik at du fordeler det. Det er jo ennå lenge til me kan planta ut. Snødde her i natt og i morges, men nå har det heldigvis smelta!

  • Jeg er forresten også plaget med snegl og har mulighet til en ekstra varmkompostbinge, kan jeg ha hageavfall og avfall fra hønsegården i denne?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: