Eg vil ha settepoteter nå! #potetopprøret

Eg  vil  ha  settepoteter  nå!  #potetopprøret
Magi: Ei halv bøtte jordeple av to settepoteter.. (Foto: Margun Ueland)

Jordeple (poteter) er knallkjekt å dyrka, det er lettvint, lite arbeidskrevjande, du får stor avling på liten plass og jorda der du har dyrka knollane, blir luftig og god. Reine jordforbetraren!

Nå skal eg kjefta: Det irriterer meg at det ikkje går an å få kjøpt sertifiserte settepoteter før langt utpå våren.

Eg har mast og mast på Felleskjøpet det er der du får kjøpt det.

Drog til Felleskjøpet i Stavanger i dag og huka tak i assisterande butikksjef, Kjetil Enoksen, ein hyggeleg kar.

Han var like frustrert som meg over dette. Han fortalde at Felleskjøpet her har mast og mast på leverandøren av settepoteter til butikkane, nemleg Norgro (settepotet.no) som held til i Trøndelag.

Dei sender ut poteter til butikkar i heile landet – på same tidspunkt.

Kor idiotisk er ikkje det? Det er STOR forskjell på klimaet her på sørvestkysten av Norge og på klimaet i Nord-Trøndelag, Dovre og Finnmark!

I fjor tjuvstarta eg med å leggja jordeplene i kassar med jord i drivhuset.

Me må jo snart få settepotetene slik at me kan leggja dei til groing, slik at me kan planta ut tidleg (gjerne i april, i alle fall i starten av mai), slik at dei kan haustast tidleg i juli før soppsporene kjem fykande her i vårt fuktige klima!

I fjor kjøpte eg ein pose av sorten «Arielle» den 24. mars, planta ut fyrste veka i mai. Den 9. juli kunne eg hausta fine, store jordeple.

Eg blir grøn av misunning når eg på Instagram at hagevener i England går på settepotetmarknad. Eit utval på – trur det må vera hundrevis – av ulike sortar. Dei kan plukka nokre få av kvar.

Det er jo det me vil ha, me som har kjøkkenhage!

I posane Norgro sender ut til butikkane, er det nok til 20 kvadratmeter. Kven har så stor plass i byhagen sin?

Kan de ikkje heller vera så snille å tilby mange sortar, og pakka dei i søte små papirposar med ti i kvar?

Dette må det då kunna gå an å få til!

NB!Du bør IKKJE kjøpa vanlege poteter i matbutikkane. Dei kan lett få sjukdomar, og sjukdomar på jordeple spreier seg som bare det.

PS: Dette innlegget er IKKJE sponsa.

LIK OG DEL #potetopprøret  

ABC om å så frø i 3 artiklar: 

Derfor tjuvstartar eg i drivhuset, og kva du kan gjera om du ikkje har drivhus. 

Slik sår du/8 spørsmål og svar og to gode råd.

Desse 30 sortane har eg sådd til nå.

 



4 thoughts on “Eg vil ha settepoteter nå! #potetopprøret”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: