Selleri, sellera!

Selleri,  sellera!
Var veldig stolt over sellerirøtene mine i fjor! Nye er sådde!

Sellerirot må eg bare ha.  Går mest ikkje an å laga ei god suppe utan. Mos av jordeple og sellerirot er godt og mettande. Ei form med omnsbakte rotgrønsaker med god olje og urter, er jo ein heil middag!

Sellerirot sår eg ikkje rett ut i beda (på friland), eg tjuvstartar inne. Dette er ein av grønsakene som treng lengst tid frå frø til hausting. Faktisk er det den utandørsgrønsaken eg sår aller fyrst (i februar).

Sprirer av sellerirot til venstre og sellerstang til høgre. (Foto: Jan Inge Haga)

Frøa er bittesmå!! Her gjeld det å vera lett på handa!

Alle frø kjem fyrst med to såkalla frøblad.  Dei ser mest like ut  (bortsett frå storleiken) uansett sort. Men etter nokre veker kjem eit bladpar til, dei såkalla ekte blada/karakterblada. Sellerirot har slike søte blad!

Etter nokre veker inne under plantelys, flytta eg dei ut i drivhuset. Set på omn når temperaturen går under to plussgrader.

Sellerirotspirer klar til prikling. Foto: Margunn Ueland

Snart er det tid for å «prikla» det vil seia flytta ei og ei spire over i kvar si vesle potte. Å hjelpe meg, tenkte eg i fjor då eg heldt på, dette skal eg ikkje gjera igjen! Det var litt av eit «pottel» med dei små spirene (så tynne stilkar!) Tolmodet mitt vart sett på prøve.

Når du sår, tenkt at om nokre veker skal du flytta kvar spire over i kvar si potte. Dette biletet tok eg den 30. mars i fjor.

Neste år kjøper du enten pluggplantar eller så  kjøper du ferdig sellerirot i butikken, sa eg til meg sjøl.

Men nå har eg altså sådd likevel..

Kvifor?

Har du fyrst fått smaken på sjøldyrka sellerirot, vil du ikkje gje opp den gleda. For ikkje å snakka om kor godt det luktar, – ikkje bare av knollen,  men av jorda der han har vakse!

Pluggplantar då? Njei, jo, det hadde spart meg for ein del arbeid, men det er noko med meistringsgleda over å ha fått det til sjøl. Og så var det dei skjønne småplantene, då.

Og sjølv om det går seint i starten, veks dei mykje fortare veka etter prikling. Sjå her kor store dei blei etter bare ein månad!

Den 30. april i fjor var dei små spirene blitt så store. Foto: Margunn Ueland.
Selleristang i september. Foto: Margunn Ueland.

Selleristang og sellerirot er to ulike grønsaker.

Selleristang dyrkar du for stilkane/stengene, her er ingen rotknoll.

Sellerirot dyrkar du for rota/knollen. Stilkane og bladene liknar på selleristang. Bruk gjerne desse når du kokar kraft.

Selleristang utviklar seg raskare enn sellerirot. Eg sådde begge samstundes i fjor, og selleristengene var klare til hausting midt på sommaren.

Sellerirot, kongen av rotgrønsakene.

Sellerirot derimot, treng å stå til langt utpå hausten, skal dei veksa seg store.

Det blir sagt at sellerirot er vanskeleg å få til. Ein grunn er at dei treng næringsrik jord. Derfor hadde eg gravd ned mykje kompost der eg planta dei ut. Og tidleg på hausten fekk dei også eit lag med tang og tare. Det elska dei!

Rett før frosten kom, fekk dei eit teppe av lauv.

Den siste sellerirota hausta eg inn i romjula. Lukke!

Spinat og asiatiske bladgrønsaker greier seg også godt om hausten og  på vinteren, ja fram til eg nett sådde ny runde nå nyleg. 

Eg likar å dyrka grønsaker som greier seg ute om vinteren. Nokre toler mange minusgrader. Sjå her. 

Av drivhusgrønsakene er det chili og aubergine eg sår aller først. Har skreve om det her.

Tomat har eg sådd nå i mars. Les meir om det her. 

MEIR OM Å SÅ HER:

Derfor tjuvstartar eg i drivhuset, og kva du kan gjera om du ikkje har drivhus. 

Slik sår du/8 spørsmål og svar og to gode råd.

 

 



2 thoughts on “Selleri, sellera!”

  • Så flotte planter du fikk. Jeg plantet sellerirot i fjor ( fra småplanter på hagesenteret) det ble da noe av det, men lurer på om de kanskje skal plantes veldig grunt? Mine ble ikke så store og syyyykt mye røtter! Noe tips?

    • Tusen takk! Nei, skal ikkje plantast veldig grunt. Men treng mykje næring. Å dekka jorda med grasklipp og blanda inn litt tang og tare gjer susen. Eg brekk også av nokre av stilkane (dei ytterste). Sorten eg sådde var «Prinz».

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: