Nå sår eg epler av gull

Nå  sår  eg  epler  av  gull
"Sungold", søt og gyllen kirsebærtomat.

Epler av gull (Pomodore) heiter tomat på italiensk. «Sungold» heiter sorten eg bare må ha kvart år.

Ein kirsebærtomat med gylne oransjerøde frukter, med søt god smak. Så god at eg svært sjeldan klarer å få tomatene i hus. Dei blir enten etne opp i drivhuset eller på veg inn til kjøkkenet..

Men det er alltid kjekt å prøva nye sortar. Vanskeleg å velja, for det fins så mange ulike!

Pottetomaten «Vilma» treng ikkje stor plass.

I fjor hadde eg også den vesle pottetomaten «Vilma». Det blei kompakte, fine planter, men det gjekk uendeleg lenge før dei blei mogne, og smaken var ikkje noko å skryta av. Men kjekk plante om du har liten plass.

Prøvde meg også på «Brandywine», ein bifftomat. Det blei kraftige, flotte plantar.

Men eg var så dum at eg planta dei ut. Og i fjor sommar fekk me jo aldri skikkeleg sol og varme. Attpåtil hadde eg sådd dei i seinaste laget. Så eg fekk aldri  tomater på dei, bare blomar.

«Bloody Butcher», ein tøffing.

«Bloody Butcher» derimot, (for eit namn!) – likte seg betre ute enn inne i drivhuset, og fekk knallrøde frukter. Brukbar smak. Ein tøffing altså, denne «blodige slaktaren».

Eg planta dei ute både fordi eg ville prøva koss det gjekk, pluss at det var ikkje ledig i drivhuset..

4 «Sungold», to agurkplanter, 1 aubergine, 3 paprika og 5 chiliplanter tok opp plassen.

Hugs du skal få plass til alt du sår… Dette biletet er frå drivhuset mitt i mai i fjor.

Derfor burde eg jo sjølsagt begrensa meg i år, og bare så nokre få frø…. Men nå står 24 tomatspirer, 7  auberginspirer og 16 chilispirer her bak pc-en. (under plantelys, på skrivepulten).

For tenk om dei ikkje spirer! Men i år spirte alle.

Ja, ja, godt å ha nokre i reserve hvis ikkje alle veks opp. Og gjer dei det, er det gildt å gje vekk og byta med andre hagefolk.

Magi: Av eitt lite frø, blir det massevis av tomater! Her ser du «Sungold» i drivhuset mitt i fjor sommar.

Desse sortane sår eg i år:

I tillegg til kirsebærtomaten «Sungold», prøver eg meg igjen på bifftomat «Brandywine».

I tillegg: Plommetomat «Principe Borghese» (fordi dette er ein av sortane Farbror Grøn tilrår)

og «Stripes of Yore» fordi eg frø av denne frå @annemorshage. (Veldig inspirerande og lærerikt å fyljgja henne på Instagram).

Eg trur ho har fått tak i frøa frå Tomatprat. Den ser skikkeleg kul ut!

Pluss «utandørstomat frå Randaberg» som eg fekk frå ein hageven (Øyvind Erland).

Sådde innandørs 24.februar.

Slik ser tomatfrøa ut. Hugs at eit lite frø blir ein plante, så ikkje så stort fleire enn du har plass til…

Slik gjer eg det

Eg brukar ikkje såjord som du kjøper på sekker, men om hausten blandar eg litt god, porøs hagejord med litt sand og har i ein stor oppbevaringskasse (plastboks). Eg gjer det om hausten, for tidleg på våren er jorda frosen.

Eg passar på å ta kassen inn frå garasjen i god tid før såing, slik at jorda ikkje er kald.

Vatnar forsiktig med lunka vatn, før eg drys ut frøa. Dekkjer dei bare såvidt med eit tynt lag jord.

Tek så på plastloket (gamle druebeger er ypperlege, dei har både plastlok med luftehol, og hol i botnen, slik at overflødig vatn kan renna ut).

Plast på toppen er for at jorda ikkje skal tørka ut. Den må halda seg fuktig til dei har spirt.

Så set eg begera på badet – der er det ci 25 grader. Straks dei har spirt, helst rett før – flyttar eg dei ut i loftstova under plantelys.

Det er lurt å spara på plastbeger som du kjøper druer etc i. Godt og gratis utstyr!

Koss veit eg kva tid «rett før» er? Det gjeld å passa på etter fem dagar. Dei pleier å spira på rundt ei vekes tid.

Eg sådde den 24. februar, dei fyrste spirene kom opp den 1. mars (då var det fort ut under lyset), den 3. mars hadde alle spirt. (dvs. ikkje alle utandørstomatene).

Ikkje for seint

Ikkje få panikk, det er slett ikkje for seint å så tomatar i mars. Faktisk sikkert betre enn i februar med den kalde våren som er meldt.

NB! Blir dei ståande på ein varm plass utan ekstra lys, får du lange, tynne, veike spirer/småplanter. Straks dei har spirt, er det nok lys som er første bud og helst også lågare temperatur.

Pass også på at jorda er lett fuktig. Det er best å vanna nedanfrå, altså på brettet begera står på. Så sug jorda opp vatnet gjennom holet i botnet på begera.

Blir jorda for våt, er det fare for at spirene blir sjuke/kveles (røtene får ikkje nok oksygen) og døyr. Bittesmå svarte hærmygg, vil me jo heller ikkje ha.

Spirer treng omsorg

Etterkvart som dei veks seg større, drikk dei meir.

Sjå til spirene dine kvar dag, det vil løna seg. Fyrst står dei der med to glatte blad. Det neste som skjer, er at dei får eit par «taggete» blad slik som ekte tomatblad skal sjå ut.

Etterkvart som dei blir større og får det trangt i såkassen, priklar du. Det vil seia at du varsamt tek opp ein og ein og plantar dei over i kvar si potte.

Det er best å ikkje flytta dei ut i drivhuset før temperaturen der er over sju grader om natta og på ci 15 grader om dagen. Det er rådet eg har fått av gartnar Kåre Wiig. Men eg har erfart at dei greier seg  med lågare temperaturar (sjøl om dei ikkje likar seg under 5) om dei blir gradvis vande med det.

Kva som er rett tidspunkt for å så, er derfor avhengig av klimaet/temperatursona der du bur, om du har drivhus og om du har ein omn i drivhuset du kan ta i bruk når det blir kalde netter.

Chili og aubergine

I drivhuset skal eg også ha chili, aubergine og agurk. I alle fall! Chili og aubergine sår eg aller først, agurk venter eg med til april.

Her kan du lesa om forkultivering av grønsaker som skal veksa ute i kjøkkenhagen:

Derfor tjuvstartar eg i drivhuset, og kva du kan gjera om du ikkje har drivhus. 

Slik sår du/8 spørsmål og svar og to gode råd.

Desse 30 sortane har eg sådd til nå.

 

 



3 thoughts on “Nå sår eg epler av gull”

  • Må først si at jeg liker bloggen din kjempemye, må inn å se hele tiden 🙂 Disse tomatene, er det vanlige kirsebær tomater eller en spesiell type? Ser at du skriver sungold. Lord nelson har disse, men finnes det også i butikk?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: