Salat og spinat året rundt

Salat  og  spinat  året  rundt
Asiatisk salatmix sådd i fjor haust, har halde seg fine fram til nå.

Salat og spinat likar seg best tidleg på våren og om hausten, er mi erfaring. Og dei toler mykje meir kulde og greier seg med mindre lys enn du trur.

Små spirer av vintersalat (til høgre) og spinat fotografert i slutten av februar av Jan Inge Haga.

Den 9. februar sådde eg ein balje med spinat «Medania» og ein balje med vintersalat (også kalla feldsalat/machesalat) i drivhuset. Spirte etter to veker med gjennomsnittstemperatur på 5 grader (omlag null om natta).

Salatsennep og ruccola sådde i fjor haust.

Og i dag plukka eg dei siste blada av ruccola og sennepssalat som eg sådde i fjor haust! Stod ute i baljar til frosten kom i november, då flytta eg dei inn i drivhuset.

Synes det er så fasinerande at fjorårets salat varer til nye, friske grøne blad er på veg.

Ikkje for pyser

Sådde ein mix av ulike sortar sennepssalat. Det er ein heilt anna smak på desse asiatiske bladgrønsakene enn på «vanleg» salat. Sterkare. Og han blei bare sterkare og sterkare jo lengre utpå vinteren me kom. Poff, sa det, det kjendes i alle fall sånn ut, langt opp i nasen. Om lag som når du tar ein liten grøn klatt med wasabi på sushien.

Ah, gje meg tolmod!

I dag kasta eg restane i varmkomposten.  Dei hadde gått opp i blom. Burde jo ha lete dei stå, så hadde eg kunna samla frøa.

Men utolmodige meg vart så frista til å så nytt i baljane då sola gløtta fram. Meir spinat tenkte eg, og reddikar.

Men akk, eg hadde ikkje meir jord. Og molda i beda er frosen. Og sola forsvann. Eg må le.

Vintergrønsaker

Eg likar å dyrka grønsaker året rundt. Nokre toler månad etter månad med minusgrader. Sjå her!

Sellerirot toler også kulde og mørke. 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: