Graskar i mars? Ja visst!

Graskar  i  mars?    Ja  visst!
Åj, sjå her, så fine frø! (Foto: Margunn Ueland)

Graskar nå?  Mest eit halvt år etter Halloween?

Ja! Graskar kan nemleg lagrast i månadsvis og er derfor ein super grønsak å dyrka for oss som prøver å bli mest mogeleg sjølberga året rundt. Ikkje tek dei opp plass i kjøleskapet heller. Dei likar seg best i romtemperatur.

Av graskar kan du laga supper, lasagne, du kan dela dei i båtar og omnsbaka dei og du kan ha dei i bakverk. Blir saftig og gode formkaker! Kjør graskarkjøtet i ein kjøkkenmaskin først.

Foto: Margunn Ueland
Nakenfrøgraskar «Olga» blir ikkje oransje, men gulgrøne. (Foto: Margunn Ueland)

Men graskaret du ser her, dyrkar me først og fremst for frøa. Dette er eit såkalla nakenfrøgraskar. Det vil seia at frøa ikkje ligg inne i harde skal, dei er klare til bruk, klare til å etast som dei er.

Og for nokre store, flotte frø! Dobbelt så store som dei du får kjøpt i butikken.

Butikkfrø til venstre, frø frå graskar frå kjøkkenhagen til høgre.

Frøa brukar i frukostblandingar, i yndlingsbrødet mitt (som du finn oppskrifta på her på bloggen), eg dryser dei på grøne salatar og hiv ein liten nevne i blendaren når eg lagar smudi.

Dei er stinne av gode næringsstoff som sunne fettsyrer (Omega 3), mineralar som jern, sink og magnesium, protein og plantekjemikalier (antioksidantar) som held deg frisk og sterk.

«Kjøtet» i nakenfrøgraskar er ikkje på langt nær så godt og smakfullt som vintersquash, det er kjernene som er «skatten» her.

Litt av ein jobb å skjera opp graskara, for skalet var skikkeleg tjukt! Her gjeld det å vera tolmodig så du ikkje skjer deg!

For ein farge inni graskaret! Som ei sol! Då var det bare å plukka ut kjernene, ha dei i eit dørslag, spyla dei reine og leggja dei til tørk på eit kjøkkenhandklede og gnaska i veg. Kjempegode!

Graskar og slyngblomkarse var ein lur samanplanting. (Foto: Margunn Ueland)

Eit graskar tek stor plass ute i hagen, så det vart ikkje mange frø pr. kvadratmeter..

Men så gøy det var å dyrka! For dei vaks jo så fort: Ungane i nabolaget elska det. Tenk så spanande: Eit frø så stort som nagla på ein veslefinger. Putt det ned i ei lita potte med jord. Etter ei veke sprenger ei kraftig spire seg opp, veks og veks.

Me planta ut i slutten av mai, og etter få dagar skaut planta ut lange ranker med svære blad. Ein vakker morgon lyste store gule tulipanaktige blomar mot oss. Etter nokre dager var det ei lita grøn kule under blomen som så visna. Kula vaks og vaks, blei like stor som ein fotball, og — ja kanskje det ville bli like stor som heile jordkloden! Det var 5-åringane William og Alvin sikker på. Nå ja, fullt så store blei graskara ikkje…

Storesyster Sofie, William og Nora hausta inn kvar sitt graskar i midten av oktober. Etter nokre veker inne, kom gul-oransjefargen fram. (Foto: Marte McCombe)

Stor stas når dei seks ungane i nabolaget kunne få kvart sitt graskar til Haloween, det same til mine sju barnebarn. Sofie fekk også med  seg eit dei kunne ha i klasserommet. Dei må takast inn før frosten kjem. I fjor (2017) var det dårleg med sol, så dei fleste graskara var meir grøne enn gule. Men etter nokre veker innandørs, kom gulfargen fram.

Eg lurte unna tre til meg sjølv. Av eit baka eg graskarbrød i november, dei to andre sparte eg til nå.

17 graskar av tre plantar, ikkje så verst, det!

Giss kven som skal dyrka masse forskjellige graskar i år! Meir om det i komande blogginnlegg. Men hugs: Vent med å så graskar til midten/slutten av april.

Graskar treng mykje næring. Eg har derfor alt nå dekka jorda der dei skal voksa med halm (frå kalvegardane til ein bonde her i byen), og i fjor haust la eg på eit tjukt lag med lauv.

Vil du fylgja meg? Trykk på den svarte knappen som det står abonner på. Det er GRATIS! Skriv inn e-postadressa di. Knappen finn du til venstre på sida hvis du er på pc-en og nederst – etter blogginnlegga- på mobilen.



8 thoughts on “Graskar i mars? Ja visst!”

  • SÅ spennende!! Men du- hva gjør du med sneglene? Plantet gresskar for 2 år siden, men de var oppspist på et døgn! Og de tar litt stor plass, så jeg vil ikke bruke en hel pallekarm på de.. Tips? Og hvor har du kjøpt frø?

    • Drep dei. Går ut med saks tidleg morgon (når det lysnar) og om kvelden (når det tek til å bli mørkt).
      Særleg viktig tidleg på våren, når sneglane er så små at du mest ikkje ser dei når du går forbi.
      I tillegg brukar eg Nemaslug seinare på våren. (ikkje gift, men biologisk middel).
      TRIKS NR 2: Plantar ikkje ut plantene før dei har eit godt rotsystem og er i god vekst. Då toler dei betre angrep, enn små puslingar.
      Frø kjøpte eg på internett. Nakenfrøgraskar «Olga» frå Impecta. Også mange andre frøselskap som har godt utval av frø. Høyrde forresten at det er billige frø å få kjøpt på Felleskjøpet nå, men har ikkje vore ute og sett.

      • Ja, jeg må bli flinkere med saksen i år!! Har brukt både nemaslug og ferramol, og merker god effekt av det. Ellers tror jeg også at jeg plantet ut altfor tidlig sist!!
        Må bestille en runde til med frø ser jeg;)
        Takk for en fin blogg, gleder meg til å følge fremover!!

        • God morgon! Takk for at du vil fylgja meg! Nå blei eg glad! Ja, det er nok ingen veg unna, om våren må me ut helst både morgon og kveld med saksa … Ja, trur mange (inkl meg) har lett for å planta ut for tidleg. Me er så utolmodige om våren. Og kjem det ein god dag med sol og 13 grader trur me at nå, NÅ har våren og varmen komen, men akk, to dagar seinare blir me skrekkslagne når meterologane melder nattefrost… Så det kan vera lurt å ha is i magen i starten av mai slik at me ikkje får is på babyane våre….

  • Kan ein ete kjernene i andre graskar òg? Eg mistenkjer at dei er noko annleis enn dei som er inni nakenfrøgraskar?

    • Eg veit faktisk ikkje heilt, eg trur det. Men då må du pela dei ut av harde skal. Og det er litt av eit styr.
      Vil du ha kjerner, er nakenfrøgraskar det du må dyrka.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: