Vinnaren av vintergrønsakene

Vinnaren av vintergrønsakene

Luksus! Å  kunna plukka inn fersk rosenkål frå hagen frå november til uti mars. Her har dei stått i storm, hagl, sludd, snø og minusgrader.

Dei har tolt alt. Har til og med blitt søtare av frosten!

Har mest ikkje hjarta til å hausta dei siste, er jo så dekorative planter.

Mange trur at kjøkkenhagesesongen er over i september. Det er langt frå sanninga!

Svartkål, også kalla palmekål.

Bladbete (mangold), rødbeter plukka eg inn fram til me fekk minus sju grader i november.

Den siste sellerirota og nokre pastinakkar henta eg inn i romjula. Ennå står det nokre pastinakkar i ein kasse med botnfrosen jord.

Grønkål, svartkål, rødkål heldt seg fine til sprengkulda kom siste veka i februar. Etterpå såg dei litt pjusk ut..

Men rosenkålen sto like fin!

Eg synes det er så fasinerande at nokre grønsaker held seg heilt til det er på tide å så nye..

Kva brukar du grønkålen til, spør folk. Kjempegod i den kvite sausen i lasagne, for eksempel. Her er ei god oppskrift.

Eller i smoothie, oppskrift her.

Stilig kåltype, rosenkål, ikkje sant?

Å så rosenkål var gøy!

Frøa spirte på fem dagar, og blei til usedvanleg fine småplantar (dvs. endå finare enn andre i kålfamilien, sjølv om dei også er fine..).

Eg planta halvparten i det eine bedet i min gamle kjøkkenhage etter at spinaten var oppeten.

Den andre halvparten eksperimenterte eg med: Eg planta rosenkålen ut i ein pallekarm i Leikeplasshagen med halvveges omdanna kompost. Det gjekk kjempebra!

Alle i kålfamilien treng god jord og mykje næring. God og levande jord er nøkkelen til suksess! Les korleis du får det her. 

Sellerirot er også ein god vintergrønsak. Det er den første utandørsgrønsaken eg sår. Les meir her.



8 kommentarar om “Vinnaren av vintergrønsakene”

    • Gomåren Kaja! Sådde grønkål og svartkål 1. omgang i midten av mars, andre omgang i midten av mai. Rosenkål i slutten av mars. Rosenkål kunne eg starta å hausta av seint på hausten, men av grønkål og svartkål kan du plukka blad av allereide i juni. Nye veks ut.

  • Hei. Så inspirerende blogg dette var. Hva er det som gjør at du velger å så grønn/svartkål i to omganger (da de fortsetter å vekse når du plukker)? Rosenkål fikk jeg veldig lyst til å prøve ut nå. Men hvor varmekrevende er den (holder til i troms)?

    • Hei og tusen takk for hyggeleg tilbakemelding! Nå blei eg glad! Godt spørsmål om grønkål og svartkål. Var mest fordi eg ville ha meir svartkål, pluss at eg ville spe på med unge blad. Veit ikkje kor mange kuldegrader rosenkålen toler, men greidde seg altså godt her ei veke med minus 10-12 grader. Resten av vinteren er vanlegvis mildare her. Men det skadar ikkje å prøva!

  • Hei!
    Flott å følge deg , her har jeg lært mye.
    Jeg har sådd rosenkål , men de er lange og tynne kan jeg sette de dypere i potta?

  • Hei, jeg har nettopp kjøpt små rosenkålplanter på gartneri. Og jeg har nå laget ferdig pallekarmer med jord til å plante dem i. Kan jeg plante dem ut nå, eller er det for tidlig? Jeg kjøpte også brokkoli og spinat og rødbeter. Når kan jeg plante dem ut?

    • Spørs kor du bur og koss veret blir framover. Spinat toler lett frost, i alle fall dersom du har herda dei litt. Plantar du rødbeter ut for tidleg, går dei lett i stokk. Vent med rødbetene til du er sikker på at faren for nattefrost er over. Brokkoli og rosenkål kan du kanskje ta sjansen på å planta ut. Skulle det koma ei kald natt, kan du ha over fiberduk. PS: Vanskeleg å bestemma seg for utplantingstidspunkt på denne tida. Me blir lett frista til å planta ut på varme og solrike aprildagar, – det gjorde eg i fjor- men så kom det kuldegrader – til og med snø den fyrste veka i mai.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: