Velkomen til Margunns kjøkkenhage!

Dette har eg gleda meg til lenge! Hjarteleg velkomen som lesar av min nye hageblogg. Kven er eg og kva har eg å by på?
Margunn Ueland heiter eg. Eg har vore journalist i Stavanger Aftenblad i 38 år, hageentusiast i 30 år og studerer nå ernæring og helsecoaching ved Institute for Integrative Nutrition.

Inspirasjon og nyttige tips
Å dyrka fram grønsaker, bær, frukt og blomar er det gildaste eg veit. Utruleg kor mykje mat det går an å dyrka på liten plass, og det mest året rundt.
Og så godt det smakar! Denne gleda har eg lyst å dela. Eg skal gje dykk mine beste tips og visa koss eg gjer det. Mitt store ynskje er at dykk skal bli inspirert til å prøva og at de skal få det til og oppleva kor herleg det er! Både for kropp og sjel!
Eg driv økologisk, utan sprøytemidlar og kunstgjødsel.
Eg dyrkar i to hagar og eitt drivhus:

Min hage
Her har eg:
- To bed på vel 10 og 14 kvadratmeter kor eg dyrkar mange ulike grønsaker. Rødbeter, fennikel, selleri, kål (spisskål, svartkål, grønkål, rødkål, rosenkål), gulerøter, bondebønner, løk og jordeple er mellom favorittane.
- Tre store staudebed.
- Eit stort bed med bærbuskar (solbær, rips, stikkelsbær, blåbær, jordbær)
- 2 epletre og 2 plommetre.
- Masse krukker med urter og pelargoniar.
- 1 drivhus kor eg alar opp grønsaker og sommarblomar og har tomat, agurk, chili, aubergine i sommarsesongen og bladgrønsaker om vinteren.

Nabolagshage
Leikeplasshagen er min nye store kjærleik. I 2017 gjorde eg om ein gammal og overgrodd leikeplass tvers over gata til kjøkkenhage for nabolaget. Alle naboane har medverka, dei ivrigaste er ungane. (Sjå NrK-reportasje)
Her har me bærbuskar, frukttre, hasselbuskar, blomar, og masse grønsaker (1 stort bed på ci 20 kvadratmeter, 6 firkanta på 4–5 kvadratmeter, 3 små, 3 pallekarmar og ein stor kasse av gamle dørkarmar.

Ungane syns det var størst stas med sukkererter, jordeple (poteter), mais, graskar, brokkoli og eit hav med blomkarse.
Sommarblomar eg alltid må ha, er blomkarse og ringblom, men eg likar å prøva noko nytt kvart år.

Matoppskrifter
Kva brukar du all grønkålen til? Kva gjer du med alle rødbetene? Kva rettar kan du laga av graskar? spør folk. Her får du gode råd og oppskriftene mine på supper, gryterettar, lasagne, bakverk, juice, smoothiar, fermentert kål osv.

Helseråd
Samanhengen mellom mat og helse har alltid interessert meg, og tusenvis av timar har gått med til å lesa bøker og artiklar om temaet. Frå den 19. mars av, skal eg studera eitt år ved Institute for Integrative Nutrition (nettstudium). Om eitt år blir eg ein sertifisert helsecoach! Ein helsecoach hjelper personar til å oppnå betre helse og trivsel gjennom gradvise endringar.
Gode helsetips vil du også få her på bloggen.
Følg meg gjerne!
Gildt om du vil fylgja meg her på bloggen. Finn knappen “Følg meg”. Denne er oppe til høgre viss du er inne på pc-en og mest heilt nederst (etter innlegga, men før Instagramfotos). Skriv inn e-postadressa di i feltet over knappen, trykk “Følg meg”. Gå så til e-posten din. Der får du ein e-post kor du skal stadfesta/bekrefta at du vil vera fylgjar. Trykk på Stadfest. Då er du fylgjar. Det kostar ikkje noko.
Snart 5000 fylgjer meg nå Instagram som @margunnskjokkenhage. Der legg eg ut (minst) 1 foto mest dagleg året rundt.
Eg blir også glad om du vil lika og fylgja meg på Facebooksida Margunns kjokkenhage.

Kjøkkenhage på heiltid
Margunns kjøkkenhage heitte ein videoserie på 13 episodar som eg laga saman med journalist Hilde Moi og fotograf Rune Vandvik i 2015. Sidan den gong har eg utvida kjøkkenhagen kraftig og fått nytt drivhus, pluss anlagt nabolagshage (Leikeplasshagen). (Sjå reportasje på NRK. Og oppslag i Aftenbladet, Aftenposten, Bergens Tidende og Fevennen.)
Mars 2018 gjekk eg av som journalist i Aftenbladet og starta «Margunns kjøkkenhage» slik at eg også kan tilby kurs, foredrag og rådgjeving som kan tilpassast det du/dykk treng. Du vil finna informasjon om det her på bloggen eller/og på Facebooksida.

Samarbeider gjerne
Driv du innan bransjar som har med hage-dyrking- mat-helse-media&forlag å gjera, og ser at me kan ha nytte av kvarandre sitt samarbeid (sponsing, annonser, kommunikasjon/informasjon/
Tlf: 99 26 11 58
Margunn, Det er så kjekt å følge deg på Facebook. Det gleder øyet og er til inspirasjon når vi lager mat. Jeg ønsker deg lykke til med ernæringsstudiene. Det blir nok veldig interessant.? Klem fra Ellen
Gomåren Ellen! Tusen takk, det gledar meg!
Yes! Der var du i gang?? Gratulerer Margunn❣️Ser veldig bra ut? Dette blir spennende. Gleder meg til å følge bloggen din framover❤️
Tusen takk, kjære Marte mi! Du veit eg ikkje er noko teknisk/digitalt vidunder…. Oppdaga nettopp at der sto eit tal i ein rød runding nede i menyen på styringspanelet til bloggen. Klikka, og der låg altså fleire hyggelege kommentarar.
Flotte blogg! ?? Du er fantastisk og jeg gleder meg til å følge bloggen og
«ernæringsutdannelsen « din framover! ????
Tusen takk, Jorunn Marie! Så heldig eg er som har ei så strålande dame i heiagjengen! Ernæringsutdannelsen startar 19. mars. Gledar meg!
Hei Margunnu!
Så artig å se at du har startet blogg! Skikkelig lekker er den også. Dette gleder jeg meg til å følge med på. Regner med at det dukker opp mye inspirasjon, tips og triks framover.
Med hilsen @nybyhagen
Hei @nybyhagen! Mange takk skal du ha. Nå blei eg glad. Er jo spent på om eg vil få nokre lesarar… Kjem til å leggja ut mest dagleg kva eg driv på med, håpar det kan vera til nytte å inspirasjon. Kjekt å fylgja med på dyrkinga di på Instagram!
Dette var kjempestas! Ikkje minst at du skriv på nynorsk. Det gleder ein hageentusiast frå Ivar Aasen sin heimstad ?.
Gler meg til å følgje deg.
Tusen takk, Lisbeth! Eg er frå Ualand i Heskestad i Lund. Der lærte me nynorsk på barneskulen og på ungdomsskulen på Moi. Også nynorsk på gymnaset på Bryne. Gjekk på DH i Volda! Er mest meg sjøl når eg skriv på nynorsk. Snakkast!
Så fin blogg du har laget! Den gleder jeg meg til å følge med på. Er enig med de andre her; Pluss for nynorsk!
Tusen takk, glad du vil fylgja. Og ekstra kjekt at du likar at eg skriv på nynorsk.
Hei! Så spennende! Og så fin blogg! Jeg er gammel journalist selv, og tok gartnerutdannelse i godt voksen alder – og blir vill av begeistring og beundring når jeg finner likesinnede. Og matt av frustrasjon over folk som faktisk ikke har tatt innover seg at planter vi mennesker ikke kunne eksistert på jorden uten planter…… Gleder meg til å følge deg! Min egen blogg er her: http://www.hageflekken.wordpress.com. Lykke til med satsingen!
Hei! Takk for hyggelig innlegg! Nå blei eg glad. Var veldig spent på om folk ville lesa – og fylgja min nye blogg.
Skal seia me har mykje til felles! Planteverda er fasinerande, eg blir imponert mest kvar dag. Må le når folk seier at dei kan eta kjøt hvis det ikkje fins planter. Hadde jo ikkje vore kjøt utan at dyra hadde planter å eta… Og ikkje hadde me fått pusta heller. Klart eg må sjå på din blogg og fylgja deg!
Så fantastisk fin blogg! Eg vart så glad då eg oppdaga den. Ekstra kjekt er det med ein hageblogg frå mitt eige distrikt, og så på nynorsk då! Kan det bli betre?
Hurra! Så kjekt at du oppdaga bloggen og likar den! Håpar du vil fylgja meg:) Skriv nynorsk fordi då er eg mest meg sjøl. Er oppvaksen på Ualand i Heskestad i Lund, og gjekk på gymnaset på Bryne. Kor er du frå?
Eg er frå Bømlo, men har budd i Sandnes i 15 år. Har ein hage her med ein kjøkkenhagedel som stadig veks. Elskar å grave i jorda, og ikkje minst å så.Gleder meg til å fylgja med på alt du deler. Eg er veldig nysgjerrig på leikeplasshagen. Er den åpen slik at eg kan koma ein tur og sjå?
Hei du! Ja, løye med det, kjøkkenhagar har ein tendens til å ta stadig større plass.. Er det same med drivhus, blir overfylte uansett kor store dei er…Er det ikkje herleg! Eg frydar meg slik. Kjekt å høyra frå likesinna. Javisst kan du få sjå leikeplasshagen. Men det er jo ikkje så mykje som veks der ennå. Kanskje kjekkare etter utplanting?
Gleder meg til å følge deg, mange fine tips til kjøkken Hagen. Har hatt kjøkken hage noen år selv. Alltid gøy med nye måter å gjør ting på. Har tenkt på vannet vi koker grønnsaker i , skal jo være en del næring i det, tror du det er bra å vanne planter med dette. Har og begynt å lage kompost te, skal jo være veldig bra.
Tusen takk! Enig,gøy med kjøkkenhage, alltid noko nytt å prøva og læra. Ja, bruk kokevatnet! Kompostte har eg ikkje prøvd ennå.