Chili og aubergin sår eg aller først

Chili  og  aubergin  sår  eg  aller  først
Aubergine til venstre, chili i midten. (Foto: Jan Inge Haga)

Chili er ei skilpadde, agurk ein hare. Altså: Chili treng laaang tid på å gro frå frø til plante som ber frukt.

Også aubergine er ei sinke. Agurk, derimot, er ein racar.

Derfor sår eg chili og aubergine inne i januar/februar, men ventar med agurk til april.

Ute i drivhuset er det nå for kaldt for chili og aubergine. Derfor sår eg dei inne. Innandørs er det for lite lys, derfor har eg hengt opp eit ekstra lysrøyr over spirene, eit såkalla vekstlys som to greie hagedamer kjøpte til meg. (Takk Tove og Anne Grethe!)

Ekstra  lys må til

Nok lys er uhyre viktig. Utan blir plantene tynne, svake og «stranglete». Det er ikkje godt nok å setja dei i vinduskarmen.

For å spira, treng frøa fukt og varme. Eg set derfor begera eg har sådd i på badegolvet. Så gjeld det å passa på som ein smed. Straks du anar snurten av ei lita spire, (eller når  du føler på deg at nå, nå er det like før!)  flytt begeret ut av badet og under plantelyset.

Det er ein fordel om det er litt kaldare i dette rommet. Eg har dei i loftstova. Lar du dei stå på badegolvet for lenge, skyt spirene i veret og blir nokre sveklingar.

Pass ekstra godt på når det har gått 5-6 dagar etter du har sådd. Eg sådde chili og aubergine 21. januar, dei fleste spirene dukka opp den 28. januar.

Desse chilisortane sådde eg: 

Chili «Padron» 12 frø

Chili «Chinese five colours», 4 frø

Chili «Cherry bomb», 3 frø (har ikkje spirt ennå….)

Chili «Anaheim», 3 frø

Chili på drivhushylla i selskap med dvergpelargoniar i fjor sommar.

Bombe og russisk rullett

Har vore på tapasbar i Spania eller Baskerland?  Det var der eg for første gong fekk servert Chili «Padron». Grøne, rynkete, steikte heile i god olje med litt havsalt på. Knallgodt!

Derfor må eg jo dyrka det sjølv. Hadde fire plantar i fjor. Son min elskar chili, så dei fleste forsvann fort. Altså må eg så fleire i år.

«Padron» er milde i smaken. Men OBS! cirka ein av hundre er skikkeleg sterk, og kva for ein det er, veit du ikkje før du set tennene i chilien… Derfor blir denne sorten også omtala som «russisk rullett chili».

Dei tre andre sortane har eg ikkje prøvd før. Eg var så heldige å få dei av @annemorshage (vel verd å fylgja på Instagram!) – me  bytta ein del frø i vinter.

«Anaheim» er ein mild chilipeppar med opp til 20 cm lange frukter, les eg i frøkatalogen.

«Cherry Bomb» er ein liten rund, rød chili, mild sort. Så namnet bombe går vel meir på form enn styrke, kanskje.

«Chinese five colours» såg skikkeleg artig ut på Instagrambileta til @annemorshage: Små chili i mange fargar: lilla,  gul, oransje, rød, kremfarga. «Screaming hot» i følge Rare Seeds.

Dette blir spanande!

Gledar meg til eg kan plukka inn! Her ser du Chili «Padron» ved sida av aubergine og tomatsorten «Bloody Butcher».

Aubergine, forsøk 3

Aubergine fins det også mange ulike sortar av: Runde, store og tjukke, tynne og avlange, kvite, rosa, lyslilla, mørklilla.

For fire år sidan sådde eg ein nydeleg rund og rosastripete. Den spirte aldri…..   Dermed gav eg opp aubergine…

 I fjor «juksa eg» og kjøpte ein ferdig plante. Og blei forelska. For ein fin plante, med store, dekorative blad og nydelege lyslilla blomar.  Eg blei så stolt når den første lillasvarte auberginen hang der å glinsa..   Så fekk planten lus – og dermed var det ingen nåde – eg flytta planten ut i grønsaksbedet. Der blei det for  vått og for kjøleg i fjor sommar (våtaste og kaldaste på mange år).
 Så nå prøver eg igjen. «Black Beauty» heiter sorten, ein gammal sort med ovale, lillasvarte frukter.

Sådde sju frø, alle spirte!

Tomat har eg nettopp sådd, meir om det her.

Av grønsakene som skal veksa ute, er det sellerirot eg sår først. 

Derfor tjuvstartar eg i drivhuset, og kva du kan gjera om du ikkje har drivhus. 

Slik sår du/8 spørsmål og svar og to gode råd.

 

 



4 thoughts on “Chili og aubergin sår eg aller først”

  • Så moro å lese bloggen din! Gleder meg til flere tips og inspirerende bilder 🙂
    Må vekstlyset være en spesiell lampe eller pære, eller kan man benytte «vanlig» lampe?

    • Hei, god morgon! Tusen takk for hyggeleg kommentar. Det er eit såkalla plantelys, kjøpt på vanleg elektrisk butikk. Ser det står OSRAM L 36W/77 Fluora, på lysrøyret.

  • Takk for ein inspirerande blogg. ?
    Eg har også dyrka chili og paprika dei siste åra, men har hatt så store problem med bladlus, at eg mista motet. Har du nokre gode tips for å unngå dei grøne, små krypa?

    • Tusen takk!
      Bladlus ja, chili og paprika er utsette for det. TIPS: 1. Følg godt med på plantene, sjekk helst dagleg. Det er lettare å få bort nokre få lus enn ein heil hær. Dei formerer seg fort! 2. Straks eg oppdagar nokre lus, knip eg dei i hel mellom fingrane. 3. Lusa sit ofte på dei unge bladskota. Blir det for mange å knipa mellom fingrane, klipper eg av desse skota. 4. Har lusa spreidd seg på større delar av planten, vaskar eg den i grønsåpevatn. 5. Førebyggjing: Sørg for at plantane har det godt: At det ikkje blir for heitt i drivhuset på dagar med sol. Luft ut! Pass på at jorda ikkje tørkar ut (men må heller ikkje vera dassblaut). 6. Gje ikke opp!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: