2 hagar, 1 drivhus

I HAGEN MIN har eg:

  1. To bed på vel 10 og 14 kvadratmeter kor eg dyrkar mange ulike grønsaker. Rødbeter, fennikel, selleri, kål (spisskål, svartkål, grønkål, rødkål, rosenkål), gulerøter, bondebønner, løk og jordeple er mellom favorittane.
  2. Tre store staudebed.
  3. Eit stort bed med bærbuskar (solbær, rips, stikkelsbær, blåbær, jordbær)
  4. 2 epletre og 2 plommetre.
  5. Masse krukker med urter og pelargoniar.
  6. 1 DRIVHUS kor eg alar opp grønsaker og sommarblomar og har tomat, agurk, chili, aubergine i sommarsesongen og bladgrønsaker om vinteren.

LEIKEPLASSHAGEN er min nye store kjærleik. I 2017 gjorde eg om ein gammal og overgrodd leikeplass tvers over gata til kjøkkenhage for nabolaget. Alle naboane har medverka, dei ivrigaste er ungane. (Sjå NrK-reportasje)

Her har me bærbuskar (blåbær, stikkelsbær, solbær, rips) , frukttre (eple, plomme), hasselbuskar, blomar, og masse grønsaker fordelt på

1 stort bed på ci 20 kvadratmeter, 8 på 4–5 kvadratmeter, 6 små, 6 pallekarmar og ein stor kasse av gamle dørkarmar.

Her dyrkar eg poteter og mange ulike grønsaker. Blomar høyrer også med.


%d bloggers like this: